Kristian Simenson Aa – Ein kjendis frå Hyen i 1799

Vi har vel alle hatt om Haugianarrørsla på skulen. Nokon av oss hugsar til og med at mannen bak rørsla heitte Hans Nilsen Hauge, og reiste land og strand rundt og predikerte Guds ord. Og så var det noko om at han ikkje eigentleg hadde lov til det og den norske staten heiv han i fengsel rett så det var.

Men eg lærte ikkje at denne pietistiske urokråka har vandra rundt i Hyen. Og at ein av dei mest trufaste følgjarane hans var ein bondegut frå Erke-Ola-stova på Aa (Jakobbruket for dei som likar å sjå i bygdeboka). Kristian Simenson Aa heitte han og han var visst nok den første lekpredikanten frå Nordfjord! Hans Nilsen Hauge er for tida ʺi vindenʺ blant feire historikarar, der fleire forskar på han og haugianarrørsla som vart bygd opp rundt han. Kven var so denne Hans Nilsen Hauge, og mest av alt: kan vi finne ut noko meir om Kristian Simenson Aa? Kan vi setje Hyen på kartet i forskinga rundt haugianarane?

IMG_6884
Ganske fint å lese ein artikkel av tipp-oldefaren i sola! Foto: Annette Langedal Holme

Hans Nilsen Hauge var ein lekpredikant. Det vil sei ein mann/kvinne som forkynner guds ord utan å vere prestevigd. Alt i 1741 fant kong Christian VI ut at slike lekpredikantar var ein uting og lagde ein konventikkelplakat som forbydde folk å fortelje om si personlege tolking av trua. Statskyrkja skulle ha einerett i å tolke og formidle religionen. 1700-talet var ei tid der kongen sette pris på at ingen stilte spørsmål til det som vart bestemt. Reflekterande og religiøst opplyste undersottar kunne derfor bli skikkelig plagsamt. Dei som braut denne konventikkelplakaten risikerte fengsel, livstid på arbeidsanstalt eller i verste fall dødsstraff. Trugselen om eit liv i lenker eller eit øksehogg i nakken var ikkje nok til å stogge Hans Nilsen Hauge. Han hadde høyrt guds ord og dette måtte han dele! Han skreiv ein brote med bøker og tok til på ei omfattande reiseverksemd rundt om i landet. Han var flink til å tale og mange let seg begeistre og retta seg etter Hauge sitt ord. På berre nokre år hadde han tilhengjarar over heile landet og haugianarrørsla tok til å ta form. Her i Sogn og Fjordane var det først og fremst i Ytre Sunnfjord folk let seg begeistre. Kjerneområdet var Svanøy, Vevring og Naustdal. Ein ting til som bør nemnast om Hans Nilsen Hauge var at han  hadde eit talent for å tene penge og ikkje minst var han flink til å anbefale dei lydige haugianarane sine i å investere i saltebuer, gardsbruk, landhandlarar og liknande. Og dei lydige haugianarane tok opp lån og investerte nett slik lekpredikanten hadde sagt. Og ja, dei tente gode pengar.

 

Hans_Nielsen_Hauge
Einaste kjende portrettet av Hans Nilsen Hauge. Måla i Københamn kring 1800. Bilete er henta frå Wikimedia commons.

Kva så med Kristian frå Aa? Korleis trefte han denne veltalande gründeren frå Sørlandet? For å hjelpe oss med dette kjem faktisk tipp-oldefaren min inn i bilete. Han Gunnar ʺstore gunnjaʺ Fitje f.1879, var ein gardbrukar med historiske ambisjonar (og så må han ha vore ganske stor). I 1959 hadde han blitt ein gammal mann, men det er ingenting å utsetje på artikkelen han har skrive om haugianarrørsla i Nordfjord (det einaste eg saknar er ei litteraturliste, men han er ikkje den første eller siste lokalhistorikaren som har synda på det punktet!)(Kjeldekritikk til folket!). Han ʺStore gunnjaʺ har prata med folk som var haugamle lenge før han sjølv vart haugammal. Blant desse var Jakob Røyrvik, Anders E. Rønnekleiv, R Sæterlid og Nikoline J. Eimhjellen. Dei kunne fortelje at Hans Nilsen Hauge og Kristian Simenson Aa kom gåande ned på Gamlestøylen og ned i Eimhjella.  Dei hadde gått frå Eikefjorden, Svarthumle og om Ramsdalsheia til Hyen. Vel framme i Eimhjella får vi rekne med at dei vart tatt vel imot, for Hauge heldt møte i Neste-garden der Nils Karsteinson var husbond. Vidare gjekk dei truleg Austredalen ned til Aa. Hauge kjende seg preikesjuk der også og heldt møte i Erke-Ola-stova på Aa. Det var i denne stova Kristian og dei fire syskena vaks opp. Far i familien, Simen Olsen, døydde tidleg og mora Massi Larsdotter sleit hardt for å få mat på bordet. Han tipp-oldefar skriv at ʺMassi-gutaneʺ var framtøke karar og reiste tidleg ut for å ta teneste. Vi veit at både Kristian og broren (..) arbeidde som lærarar ei tid. Eine broren, Mads, vart kalla ut i Napoleonskrigen og døydde på Fredriksten 1808.

IMG_6534
Garden Aa i 2016. Gode klyngetuntendensar endå! Foto: Annette Langedal Holme.

Han Kristian var altså tidleg ut med å forlate barndomsheimen på leit etter arbeid. Dette var fyrste steget mot å bli kompis med Hauge. Kristian fekk nemleg arbeid med den kjende haugianaren Peder Steinhovden som eigde ein stor gard i nettopp Steinhovden. Her fekk Kristian vere med på eit møte med Hauge, og som så mange andre vart han frelst. Han var med på fleire av reisene til Hauge, spesielt i Sunnfjord og Nordfjord. Etter ei tid kom han vel fram til at folket trengte fleire predikantar og tok så smått til sjølv. Hans Nilsen Hauge såg tross alt på heile landet som sitt bedehus og sat oftare og lengre i fengsel etter 1800. Kristian Simenson Aa skal ha hatt eit godt rykte og tok seg aldri betalt for å forkynne guds ord.

Til slutt må eg nemne Hans Nilsen Hauge si framifrå datingteneste, ʺgift deg med ein haugianarʺ. Lekpredikanten hadde sansen for å knytte i hop tilhengjarane sine i ekteskaplege band. Eg mistenkjer at alderssamansetning og kjærleik av og til var nedprioriterte punkt i datingtenesta til Hauge, men han kan nok vise til ein betre statistikk i langvarige ekteskap enn dagens datingsider! Kristian Aa fekk eit stalltips frå Hans Nilsen Hauge om at enka Ølgård Ausevik i Høydalsfjorden var ledig på marknaden.

Før vi går vidare lyt vi nesten ta ein stopp med ho Ølgård Ausevik. Ja det var eit namn! Nokre raske søk på digitalarkivet viser at det ikkje var eit spesielt sjeldan namn heller. I dag er stoda noko annleis og SSB.no kan melde om at 4 eller færre i Noreg i dag har namnet Ølgård (om du vil ha eit unikt namn på avkommet er altså Ølgård eit godt tips).

Han Kristian gifta seg altså med enka Ølgård og flytta inn på garden hennar i Ausevik. Her dreiv han garden og levde som folk flest. Når høve bydde seg tok han seg ei runde og predikerte for dei som var interesserte. Han reiste mest rundt i Sunnfjord, men hadde ein særskild hug for heimbygda si og reiste ofte heim til Hyen for å tale Guds ord. Gunnar Fitje meinte på det at det var ekstra stor kristeleg interesse i Hyen. Kanskje det er årsaka til at Hyen omsider fekk si eiga kyrkje i 1876?

 

NFM.0000-01167
Ei godt brukt bok av Hans Nilsen Hauge frå samlingane til Nordfjord Folkemuseum. cc-by-sa.

Litteratur:

Fitje, Gunnar. 1959. Haugianarrørsla i Nordfjord. I Årbok for Nordfjord 1959. 4. årgang.

Sandal, Per. Bygdeboka for Gloppen og Breim, band 1-3.

Wikipedia – Hans Nilsen Hauge

Advertisements

Nytt liv til nordfjordmønsteret!

Ein liten gladsak eg fekk i inboksen min som eg må dele med folket 🙂

Nordfjordmønsteret lev vidare i nye strikkeplagg.

Skal sei det er kjekt når innlegg her på bloggen inspirerar so pass at nokon hiv seg over strikkepinnane. Det var Ragnhild Heggen Oksholen ute frå Polljen som tok til på produksjonen.

Ragnhild har strikka to ulike variantar, eine paret har kolleroser medan det andre har andreaskrossar i stolpemønsteret. Varianten med andreaskrossar er den Husfliden i Bergen gav ut eit mønster på. Mønsteret med kolleroser er den mønstertypen som truleg kjem frå Hyen.

mars2015 handarbeid 021
Sokkeparet til venstre har kolleroser i stolpemønsteret. Det er mønsteret som nesten utelukkande kjem i frå Hyen. Sokkeparet til høgre har andreaskrossar i stolpemønsteret. Det er likt frå ei mønsteroppskrift som husfliden har gitt ut. Foto: Ragnhild Heggen Oksholen
mai2015 006
Reknar med at sokkane kjem godt med denna sommaren. Foto: Ragnhild Heggen Oksholen

Ragnhild Heggen Oksholen har lenge spesialisert seg på Kattefotmønsteret som er ein anna variant av nordfjordmønsteret.

86129ce06c502bbf1d11e2b66cfd3eca

Eg har studert fleire år saman med dottera til Ragnhild. Vi to vart tilvist lesesalsplass på ein heller kjølig lesesal. Der var det berre ull som gjaldt vinterstid og det var ikkje fritt for at eg slang nokre grøne misunnelege blikk bort på dei flott ornamenterte ullsokkane til ho Siri. Det var sokka det! Det vart ikkje betre då ho viste meg matchande genser og hue i tillegg.

11063069_10155411216615096_753681989_n
Tidenes ski-antrekk!!
11047116_10155411216610096_1648632917_n
Jammen har ho ikkje vottar også!

Til slutt må legg eg ved eit par sokkeflotte gutar frå farne tider.

SFFf-1989091.0F 095
SFFf-1989091.0F 095

Bilete er henta frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin flickr konto:  https://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/

“Ulven var dei reddast for av alle dyr.”

Canis_lupus_laying
Bilete er henta frå Wikipedia.

Ein mørk måndags kveld i desember vart det observert ulv i Hyen. Det var gjerne ikkje heilt uventa men likevel uønskt. Same kvelden vart nettsidene til Fylkesmannen flittig vitja av målbevisste hyarar, ute etter lisens til ulvejakt. No er Hyen (og resten av Sogn og Fjordane) utanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv. Ein lisens til ulvejakt er dermed ein smal sak å få tak i. Dermed bar det ut i skogen med ny erverva lisens i baklomma allereie neste morgon. Sånn eg har forstått det, var det til lokalavisene si store begeistring. Ulven har i alle høve ikkje mangla publisering. Verken før eller etter at den vart skoten i Naustdal.

Den "nyaste" naustdalsulven har fått god spalteplass i lokalavisene.
Den «nyaste» naustdalsulven har fått god spalteplass i lokalavisene.

Under slike avisoverskrifter, kan ikkje fjordhistorikaren hjelpe for å undre seg over når det sist var ulv i Hyen? For det byrje vel å bli ei stund sidan?

Etter at det vart skoten ein bjørn i Fjærland (var det i 2008?), vart historia til bjørnen i fylket grundig forska på og godt formidla med vandreutstillinga “me har skote bjørnen”. Då den utstillinga stod på Nordfjord Folkemuseum reiste til og med bestefar på museet på eige initiativ! Det var eit spanande tema som interesserte mange.

Hyen kom også særs godt ut av den utstillinga når Anders Nilsson Holme (født 1799- daud ein gong etter 1837), vart løfta fram som ein av dei beste bjørnejegarane som hadde vore. Bygdeboka seier ingenting om at han skaut ulv. Så kor lenge er det sidan gråbein luska rundt hushjørna i Hyen?

Plakaten i frå utstillinga.
Plakaten i frå utstillinga.

 

Den uventa Naustdalsulven

© Fotograf Dagfinn Reiakvam. Bilete blir brukt etter avtale med dagens eigarar.
© Fotograf Dagfinn Reiakvam. Bilete blir brukt etter avtale med dagens eigarar.

Fredag 10. november, 1950 heldt syskenbarna Dagfinn og Henrik Berg på å grave ut ei hyttetomt i Vonamarka i Naustdalsdalen. I nysnøen såg dei spor etter eit rovdyr. Dagfinn og Henrik var tydelegvis menn med handlekraft. Dei var ikkje verre på det enn at dei treiv med seg børsa og strauk til fjells etter spora. Ved eit vatn fekk dei sjå dyret. Det freista å komme seg opp eit skar. Dei staute karane frå Naustdal var ikkje seine med å sende skot etter dyret, og etter eit par smell låg ulven daud. For dei to unge karane var nok ein god ulv, ein daud ulv. Men ulven hadde vore utrydda så lenge dei hadde levd. Den skulle rett og slett ikkje vere der! Det vart ikkje så reint liten mediadekning når historia om naustdalsulven kom ut. Sjølve ulven vart sendt til Bergen Museum (I dag: Universitetsmuseet i Bergen). Der vart den stoppa ut og er i dag ein verdifull del av samlingane. Så langt eg har klart å finne ut er Naustdalsulven den siste ulven som vart skoten i Sogn og Fjordane.

©Foto: Terje Lislevand, Universitetsmuseet i Bergen.
©Foto: Terje Lislevand, Universitetsmuseet i Bergen.

I fjella er det kort veg mellom Vonamarka i Naustdal og Gjengedalsmarka i Hyen. Det kan derfor godt tenkast at Naustdalsulven også hadde tatt turen innom Hyen før den vart skoten.

Men 60 år tilbake i tid er vel ingenting om ein vil sjå på historia om ulven i Hyen. Vi vil finne fram til noko spenstigare enn ein einsleg streifar. Skal vi finne fleire ulvar lyt vi reise endå lenger tilbake i tid.

 

“Ulven var dei reddast for av alle dyr.”

Sitatet ovanfor kjem frå ei framifrå folkeminnebok frå 1956. Forfattaren er Louise Storm Borchgrevink og boka heiter, «Frå ei anna tid, Folkeminne frå Nordfjord». Trass i eit namn som kan gje den ivrigaste lesevanskar, ligg det eit viktig og interessant arbeid bak boka. Om Hyen nemner forfattaren dette innleiingsvis:

“Dessutan skil eg ut Hyen, endå det eigentleg høyrer Gloppen til. Folket som bur inst i den tronge, ville Hyefjorden, er så isolert frå omverda at tradisjonsstoffet derifrå heilt naturleg fell i ei gruppe for seg”.[1]

På bakgrunn av denne skarpsindige observasjonen, får Hyen særs god dekning av forfattaren.  Om ulv i Hyen, kjem det fram at han ein gong har vore talrik i bygda.

“Før i tida var det så mykje ulv at folk kunne ikkje henge hesteselane ute um natta, gråbein kunne ete dei upp”.[2]

Sitatet vitnar om seletøy som var godt smurt inn med lærfett og ein stor ulvestamme som har problem med å halde seg med mat.

Wargjagt_i_Westergötland._Fritz_von_Dardel,_1847_-_Nordiska_Museet_-_NMA.0036477
Wargjagt i Westergötland. Fritz von Dardel, 1847 – Nordiska Museet – NMA.0036477.jpg

 

Borchgrevink intervjua først og fremst menneske fødd mellom 1865-og 1880. Intervjuobjekta nemner ikkje noko årstal om når ulvane var svoltne etter seletøy, men vi kan rekne med at det er før intervjuobjekta si eiga tid. Snakkar vi her om ein stor ulvestamme i første halvdel av 1800-talet? Her lyt vi undersøkje nærare.

 

I manns minne

Finn vi ulven att i manns minne? Det kan knipe på. Vi veit det er lenge sidan det var ein fast ulvebestand i Sogn og Fjordane. Heldigvis var det menneske med skrivekløe før i tida også. Ein av desse var Ola Jakobsen Mjellem (1882-1971). Han fortel om mykje frå gamalt av i Hyen. Ei heil skattekiste kan ein sei. Han skriv om minner frå barndommen og historier bestefaren har fortalt han. Ikkje minst snakkar han om den tida rovdyra var vanlege i fylket.

Ut i frå det Ola J. Mjellem fortel, verkar det ikkje som han hadde nokre opplevingar med ulv sjølv, men han opplevde fleire gongar at bjørnen tok dyr då han var gjetar.  Ein som hugsar ulven godt var bestefaren til han Ola. Han fortalte om ein kveld hunden han vore så uroleg at dei slapp han ut om kvelden. Kort tid etterpå hadde dei høyrt eit kvink. Det var det siste dei høyrde til hunden den kvelden. Morgonen etterpå fann dei nokre tjafsar med pels, litt blod og to sett med ulvespor som strauk til skogs.

10847799_10152805171460709_353085453036534161_n
På Nordfjord Folkemuseum er det fleire slike halsband til hund. Dei skulle verne hunden mot angrep frå ulven. © Foto: Annette Langedal Holme.

 

Ola fortel også ei historie som er ei herleg blanding av syndig gambling og den store stygge ulven. Det var tre gutar i frå tre forskjellige bruk i Eimjhella som var ute å gjette krøtera. Midt på dagen sette gutane seg ned for å spele kort. I dag kan nok ei runde med vennskapelig poker virke uskuldig nok, men vi må hugse på at dette var i ei tid då mange trudde ein hamna i helvetes brennande pøl av kortspel. Då dagen gjekk mot slutten var det på tide for dei tre gutane å samle inn krøtera. Det viste seg at ulven hadde vore på ferde og tatt tre kyr. Ei kyr i frå kvart bruk. Dette tok gutane som ei straff for kortspelinga og historia skal ha det til at dei aldri spelte kort igjen.[3]

 

Med tamrein følgjer gråbein like bak

Ola J. Mjellem fortel også om at ulven nesten var vekke i frå området på eit tidspunkt, men kom brått att. Årsaka skal vere innføringa av tamrein til Gjengedalsmarka. Opphavleg skulle eit samisk ektepar gjete denne flokken med villrein. Nokre lyse haud i bygda fann ut at det vart billegare med lokale gjetarar i staden for samane. Dei lokale gjetarane hadde ikkje greie på tamrein og etter kort tid hadde Gloppen fått seg ein flokk med villrein i staden! Det er noko som heiter å spare seg til fant. Ikkje fekk hyarane seg tamrein og hakk i hel kom ulven. Ola J. Mjellem skriv at ulven kom som lyn frå klår himmel.

Her skulle eg hatt eit bilete av dagens reinstamme i Gloppen. Men i mangel på  det laut eg ty til Wikipedia.
Her skulle eg hatt eit bilete av dagens reinstamme i Gloppen. Men i mangel på det laut eg ty til Wikipedia.

Det er fleire kjelder som er med på å støtte opp under Ola si forteljing. Først og fremst er det amtsmannsmeldingane for Nordre Bergenhus Amt som kom ut kvart femte år. (Før 1919 gjekk fylke under nemninga amt. Amtmannen er det same som fylkesmannen i dag.) I meldinga frå 1845 fortel amtmannen om fleire forsøk på å innføre tamrein til fylket. Mykje tyder på at det var lite ulv i fylket tidleg i 1840-åra.[4] Det råda optimisme rundt reinsdrifta, sjølv om ein viste godt at reinen stod øvst på menyen til ulven.

Amtsmannsmeldinga fram mot 1850 hadde ein litt annleis tone. No var vist ulven tilbake og den nøydde seg ikkje berre med reinsdyr til middag. Det gjekk ut over alt frå sau til hesten. Det er ikkje usannsynleg at det er i frå denne ulveperioden bestefaren til Ola. J. Mjellem hugsar. Ola hadde ein bestefar på Mjellem og ein i Eimhjella. Kven av dei som hugsar forteljingane om ulven er uvisst. Kanskje er det begge. Det vi veit er at problemet med ulv i Sør-Noreg var so pass stort at det kom ei eiga lov om utrydding av rovdyr i 1845:

Lov om Udryddelse av Rovdyr og om Fredning af andet Vildt, 4 Aug.1845, lød:

  • 1 I Premie for ethvert af efternævnte Rovdyrs Ødelæggelse betales: a) for Bjørn, Ulv, Gaupe, Jerv eller Filfras, uden hensyn til deres Alder, tre Speciedaler; b) for Ørn, (Land- eller Havørn) sexti Skilling og for Bjergugle (Hubro) fire og tyve Skilling. For Unger af disse Fugle det Samme; c) for Hønsehøg, forsaavidt den ei er fældet ved Skud, fire og tyve Skilling.

Skotpremie på ulv og andre rovdyr var ei ekstrainntekt som kom godt med. I frå 1840-åra vart det etter kvart vanleg med gevær med perkusjonslås. Det var bedre enn våpen dei hadde hatt tidlegare.  Mange gir denne lova med skotpremie skulda for at ulven vart utrydda i Sør-Noreg. I seinare tid har vi kome fram til at det var meir enn skyteglade søringar som førte til at ulven vart utrydda.

Mannen som la fram lovforslaget til utrydding av rovdyr, Halvor Heyerdahl Rasch (1805-1883), konkluderte med at ulven var så godt som utrydda i 1861. Han var også fast bestemt på at skotpremiane i seg sjølv ikkje var årsak nok til å utrydde ulvestammen. Han meinte at forklaringa måtte ligge i ein slags epidemi.[5]

Ein ivrig gjeng på Statistisk sentralbyrå har studert statistikken og nådd same konklusjon som herr Rasch:

“Det rokker ikke ved hovedmønstret i statistikken som tydelig viste at ulven ble utryddet i Sør-Norge allerede fra begynnelsen av 1860-åra, og at det sannsynligvis ikke var jaktloven, men en epidemi av et eller annet slag som tilintetgjorde stammen.[6]

fig-2000-10-18-01

Mykje kan derfor tyde på at ulven var på veg vekk i frå området etter 1860. Det stemmer med at Ola J. Mjellem ikkje har nokre personlege minner om ulv.

Så når hadde vi eit problem med ulv i Hyen sist? Vi lyg ikkje om vi seier om lag 150 år sidan.

(Om lag er for øvrig eit godt uttrykk å nytte når ein ikkje er heilt sikker!)

 

Takk for meg!

 

 

Litteratur:

Brattås. Kva skjeddemed ulvebestanden? Funne på verdsveven 03.12.2014. http://www.rovdyr.org/arkiv/ssb_ulv.html

Borchgrevink, (1956). Frå ei anna tid, Folkeminne frå Nordfjord. Oslo.

Det norske samlaget (1974) Sogn og Fjordane. I manns minne. Oslo

Johnsen, S. (1928): Rovdyr – og rovfuglstatistikken i Norge , Bergens Museums årbok 1929. Naturvidenskapelig rekke. Nr. 2.

Sandal, P. Soga om Gloppen og Breim, Band I-III.

Søbye, Judin og Rundtom. (2000) Tallenes fortellinger: Rovdyrstatistikk 1846-2004. Frå skuddpremier til fredning og irregulær avgang. Funne på verdsveven 03.12.2014. http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/fra-skuddpremier-til-fredning-og-irregulaer-avgang

http://www.sffarkiv.no/fjognedok/kjelda/PDFA/kjelda_1998_1.pdf#page=28

Fotnotar:

[1] Borchgrevink, 1956 s. 6.

[2] Borchgrevink, 1956 s. 146.

[3]

[4] http://www.sffarkiv.no/fjognedok/kjelda/PDFA/kjelda_1998_1.pdf#page=28

[5] Søbye, Judin og Rundtom. (2000)

[6] Søbye, Judin og Rundtom. (2000)

Barkebrød steg for steg

Då er vi endelig klare med barkebrøda! Sanninga er at barkebrøda har vore ferdige i snart ein månad, men livet vart hektisk og barkebrød på blogg vart nedprioritert. Men eg har fått levert ferdig ein artikkel til Årbok for Nordfjord. Så no kryssar eg fingrar og tær for at den blir med i år!

Framgangsmåten har vore prøving og feiling. Men det vart no barkebrød til slutt. Eg vil vise framgangsmåten gjennom bileta eg tok underveis. Det er i hovudsak tre ledd i arbeidsprosessen: Innsanking med tørking, kverning av borken og sjølve bakinga av barkebrødet.

 

Innsanking og tørking av almebork:

Bilde1
Bestefar og hagesaksa!

 

Alm var beste tresorten til å lage borkebrød av. Eg har allereie lagt ut eit innlegg som fortel at det ikkje var mangel på alm i bygda. Vi fekk lov til å ta bork i frå nokre almetre i Hope etter avtale med grunneigar. Han veit sjølv kven han er, og smaksprøver er på veg!

Vi tok ikkje bork frå sjølve treet. Eit almetre var ei forsikring mot svolt og måtte vernast. Vi tok renningane som stakk opp med rota på det staselige almetreet. Renningane som var 2-3 centimeter i diameter, var dei beste.

Då vi hadde tilstrekkelig med kvistar måtte vi flekke av borken. Denne arbeidsprosessen gjorde vi i mai månad. Då var treet full i sevje, så arbeidet gjekk greit.

Bilde2
Ved hjelp av ein kniv gjekk arbeidet lett.

Dei brukte ikkje heile borken. Ytterste delen (sjølve borken kan du sei). Den var bitter på smak og uønska i barkebrødet. Det var den lyse innerborken dei laga brød av.

Etter at borken var delt måtte den tørkast. Vi sette den ut i sola i luftige korger og ellers stod det inne i stova (viktig å ha noko å snuble i).

Etter at borken hadde tørka i vel to månadar, klipte vi den opp i små bitar. Omlag 1×1 cm. Det var vel kjedligaste delen av heile prosjektet. Heldigvis er bestemor ivrig på å halde menneska rundt seg i aktivitet, så arbeidet vart gjennomført!

Etter klippinga var det endelig klart for å svinge kverna. Vi var litt spent på korleis det skulle gå!

 

Å kverne almebork:

 Det går fint å løyse svetten når ein slit over handkverna. Det gjekk ikkje så lett som vi hadde tenkt. Første gongen vi kverna borken gjennom, synte det knapt at vi hadde lagt vekta på kvernsteinane og virkelig tatt i. Her var det berre å kaste skjorta og ta til på jobben.  Borken måtte sendast gjennom kverna vel fire gongar før vi sa oss nøgde.

Bilde3
Kverna har Norsk kvernsteinsenter i Hyllestad laga og den er utlånt av Nordfjord Folkemuseum.

Om ein kverna for raskt vart ikkje borken kverna. Ein måtte halde eit relativt sakte tempo for å få best resultat. Det var sjølvsagt det tyngste tempoet!

IMG_7672
Fleire i slekta måtte ta del i grovarbeidet. Her er bestefar og Julie godt i gang.

 

IMG_7658
Bestemor tok det som ei treningsøkt!

 

IMG_7668
Noko finmalt og noko som treng ei runde til i kverna.

 

Bilde4
Det endelige resultatet.

 

Etter at vi hadde kverna borken vel fire gonger vart resultatet som de ser på biletet over. Ikkje heilt mjøl, men heller ikkje heilt bork! I etterkant kom vi fram til at borken med fordel kunne ha vore litt tørrare om det hadde vore mogleg. Kanskje ein kan tørke borken på varmluft i steikeomnen?

Då vi var ferdige med å kverne hadde vi omlag 600  gram med borkemjøl. Vi var klare for siste del i prosjektet. Steike borkebrød.

 

 

På bakstehella: 

Før vi tar til på denna delen av prosjektet må det understrekast at ingen av oss som er med, har fortid som bakstekoner. Reint estetisk lyt ein derfor ta resultatet med ei klype salt.

Borkemjøl vart laga for å blande i det vanlege mjølet, så det varte lenger. Det var vanleg å blande to delar vanleg mjøl og ein del borkemjøl.

Bilde5
Klar til innsats!

Her er oppskrifta vi nytta:

300 gram borkemjøl av alm.

600 gram byggmjøl.

1 teskei salt.

7-8 dl vatn. (Byrja med 7 dl og måtte auke til 8)

Vi rørte saman og knødde deiga i vel ein halv time. Då fekk deiga stå ei stund før vi knødde ho litt til. Dette gjorde vi for å få deiga så seig som mogleg. Vi fekk ikkje deiga like seig som ein vanleg flatbrøddeig. Likevel var den god å kjevle ut. Vi laga små emne og leivane vart på mellom 25 og 30 cm i diameter.

IMG_7978
Legg merke til at vi har funne fram det finaste skautet for anledninga!

 

IMG_8002
Passe store leivar som gjekk greit å handtere.

 

Bilde6
Ferdig produkt!

 

Om du er nysgjerrig på smaksopplevinga av vårt eminente borkebrød, lyt du vente til neste innlegg. Vi har nemlig tenkt å invitere på gjestebod, der blant anna eigaren av almen skal få komme. Vi får håpe han vert nøgd med borken sin.

Om du er interessert i meir informasjon rundt barkebrødet og framgangsmåten, vil det komme i Årbok for Nordfjord 2014, som kjem i desember.

Stølsliv blant tusser, troll og ikkje minst huldra!

Alt snakk om troll og andre underjordiske vesen blir i dag blir sjølvsagt rekna for overtru. Sjølv om menneske alltid er på leit etter noko naturen ikkje kan forklare, er nok ikkje troll det vi har leita mest etter i moderne tid. Men eg likar troll og anna underjordisk krims krams og vil løfte dei fram i lyset att!

bilde (1)
Huldrestemning i Hyen.

Då eg var lita fortalde Bestemor meg at trolla var ute om natta men dei måtte passe seg for sola. Om sola traff dei, aprakk dei og vart til stein. Troll likte også å kaste kampesteinar ned fjellsider. Min konklusjon var derfor at trollbestanden i Hyen måtte vere ganske stor sidan det låg store kampesteinar i på lag kvar einaste bakke. Av og til trur eg litt på det framleis. Og er ein ute og går i fjellet dei rette dagane er det ikkje fritt for at ein forstår kvifor menneska trudde det var noko meir der ute. Og dei var nok redde. Det er ikkje uvanleg å finne kors eller andre symbol for vern, rissa inn i gjenstandar og dørgavlar på gamle støylar. Det var nok ikkje fritt for at budeiene tok eit ekstra Fadervår for å vere på den sikre sida når dei låge åleine i ei trong seng i eit lite sel på støylen.

bilde 2
Ikkje vanskeleg å innbille seg at trollet sit rett fram i skodda her. Heldigvis følgjer Altapaltapøne med!
bilde 1 (1)
Tåkelandskap på veg til Mjellemsstøylen i Hyen.

I 1997 vart det utarbeida ein forskingsrapport rundt seterdrift i Nordfjord av Jon Tvinnereim frå Høgskulen i Volda. I samband med den rapporten vart det samla inn materiale frå ei spørjeundersøking om seterlivet i Nordfjord. Det var desse svara frå budeier rundt om i heile regionen som var utgangspunktet for forskingsarbeidet. For alle som er interessert++ i gamle stølstradisjonar er denne boka eit må ha. Andre klarer seg sikkert heilt bra utan.

bilde (2)
Lesarglede mellom to mjuke permar.

Undersøkinga i 1997 fann ut at det først og fremst var huldra som hadde ein plass på støylen. Mange trudde at huldra flytte inn på selet når budeiene flytta ut. Så det var best å kome seg heim i tide. Det var vel ingen som var interessert i å dele 10km2 med ei huldre.

I tillegg til huldra, var det nok fleire vesen som lurte rundt støylshusa. På ein støyl på Solheim i Hyen har nok trolla vore langt framme i fantasien. Øvstebakken hadde nemlig støyl i Trollebotnen (eller trøllebøtnen på lokalt). Eg hadde i alle fall sett etter nye kampesteinar om morgonen vist eg var budeie i Trollbotnen.

bilde
Trollbotnskaret. Inngangen til Trollbotnen. Denne turen gjekk desverre ikkje ned til sjølve stølsvollane. Neste turmål blir heilt ned i botnen.

Støylen i Trollbotnen er ein gammal støyl. Den vart fråflytta i 1920, då brukarane flytta støylen sin nærare garden. Ingen kan vel klandre dei for det, sidan det tok godt og vel 2 timar å gå inn (den nye lokaliteten på Hogjen var berre ein time inn til). Eg har vore i prat med ei tidlegare budeie frå Hogjen, som fortalte at ho ofte måtte ned i Trollbotnen for å hente kyrne som gjekk der av gamal vane. Dei var tydligvis ikkje redde for trolla.

Budeia Målfrid hadde også eit bilete frå tida då det var drift i botnen. Gyda Martinsdatter Solheim (f.1894) var blant dei siste budeiene i Trollbotnen før dei flytta støylen.

bilde 1
Trollbotnen, truleg i 1906. Gyda er den unge jenta med kvit bluse. På biletet ser vi dei har tatt ut ovnen for å koke rømmegraut under eit søndagsbesøk. Den strame karen til høgre på bilete er vist ein hopsar som var på friarferd.

 

Alm i Hyen

Privat foto.
Privat foto.

«På tunet stod det ein gong ein alm. Den strekte seg så stor og flott opp mot himmelen. På greinene vaks det tett i tett med blad. Rundt stammen vaks det opp tynne rette renningar. Det kom nye renningar kvart år, for ein brukte dei til fôr til sauene. Når ein kom med nava kvistar frå almen vart sauene heilt ville. Dei likte smaken. Det var ikkje berre sauene som likte smaken. Ungane klarte heller ikkje å halde seg unna. Dei reiv av bitar av den unge borken og putta den i munnen. Dei togg på den til den vart seig og skumma i munnen. Det var ein søt smak på almeborken. Ein god erstatning til søtsaker om ein ikkje hadde anna. Ofte vart ungane so ivrige på borken att dei vaksne vart sinte. Ein kunne ikkje risikere at almen tok skade. Almen var ein forsikring. Den stod der trufast på tunet, utan kostnadar med livreddande bork om ulykka skulle vere ute. Det var slik dei gamle tenkte.»

Etter fortal av Anna Holme

I følgje kjeldene er det bork etter alm som lager det beste borkemjølet. Første bod for prosjektet vårt var då å finne ut om det var alm i Hyen. Det viste seg å vere enklare enn ein trudde! Bestemor hugsar at det stod ei alm på tunet til oppitunarane på Rognkleiva. Etter kvart som vi høyrte oss for har det stått/står det alm i mange tun rundt om i Hyen. Blant anna kan vi nemne Mjellem, Røyrvik og Hope. Det er merkelig at når ein først byrje å sjå etter ting, så ser ein det overalt. I skogen eller langs vegen treff du på ein alm rett som det er. I Hyestranda mellom Holme og Osmundnes er det til og med ein plass som heite Alme.

Det vart med andre ord ingen problem å skaffe råvarene!

Det store tuntreet er ei Alm. Den vart planta i 1897. Fotograf: Olav Kvaale 1934. Bilete er tatt i frå Soga om Gloppen og Breim, band III, s. 242.
Det store tuntreet er ei Alm. Den vart planta i 1897. Fotograf: Olav Kvaale 1934.
Bilete er tatt i frå Soga om Gloppen og Breim, band III, s. 242.

Takk til alle som kunne fortelje meg om alm i Hyen!

Når folkeminnet går ut…

IMG_7665
Foto: Peder Holme

Når ein arbeider i den lokalhistoriske kultursektoren (folkemuseum), er folkeminne gull verdt! Besteforeldre som hugsar tilbake til sine besteforeldre kan vere eit triumfkort til neste arbeidsdag. Men av og til hende det ein vil sjå nærare på noko bestemor sin bestefar ikkje har fortalt noko om (og han var ein mann som hadde noko å sei om det meste). Då går folkeminnet ut… Attende sit vi med berre vage tankar om korleis ting var og korleis ting vart gjort.

Av og til vert ein nysgjerrig på korleis ting var eller korleis ting vart gjort. Då kan ein også ha skikkelig flaks og få med bestemor og bestefar på laget. Det fekk i alle fall eg då eg ville forsøke å lage barkebrød!

Barkebrød på digitalt museum

Kvifor lage barkebrød?

Bakgrunnen for forsøket er grunnlovsjubileet. Det er 200 år sidan Noreg fekk Grunnlova si. Det er også 200 år sidan Noreg vart herja av hungersnaud. Kongedømet Danmark-Noreg hamna på feil side i Napoleonskrigen. Vi var på lag med Napoleon som var i ferd med å tape verdensherredømet han drøymde om. Danmark-Noreg var då i krig mot verdas sterkaste sjømakt, Storbritannia. Det var ein krig som først og fremst gjekk ut over Noreg. På lik linje med i dag, var Noreg avhengige av å importere korn i frå Europa (nokre ting er framleis det same). I frå 1808 sette Storbritannia opp ein handelsblokade som isolerte Noreg totalt, med fiendtlige Sverige i aust og verdas sterkaste sjømakt rundt kysten.

Det er vel fleire enn eg som har kjempa seg gjennom Henrik Ibsen sitt dikt om Terje Vigen som rodde til Danmark etter korn i norsktimen. Når eg les det i dag er det ganske interessant. I åttande klasse var det drepande kjedelig.

+SCC-AIPub-A-løpet-stor-minn1terjevigen1804

Terje Vigen teikna av Christien Krogh.

Tilbake til barkebrødet

Når det minka på kornet laut ein dryge det som best ein kunne. Nokre blanda islandsk mose i flatbrødmjølet, andre lagde barkemjøl. Lenger nord var det vanleg å bruke furu-bork. Inne i dei vakre fjordarmane til Nordfjorden (heilt upartisk) er det eit mildt klima der almen trivst godt. Almeborken skulle vere det beste barkemjølet. Den hadde ikkje noko bitter ettersmak og deigen med almebork skulle vere enkel å bake ut.

Alt dette om barkebrød og alme sine framifrå evner som barkemjøl har eg lest meg til som den godt opplærte akademikaren eg er. Etter å ha lese det som finst om barkebrød på Gloppen Bibliotek er eg, bestemor og bestefar klare til å vise dykk korleis ein lagar barkebrød.

Eg har også vore så heldig at det lokalhistoriske tidsskriftet Årbok for Nordfjord vil ha med ein artikkel om barkebrød-prosjektet vårt i 2014 utgåva som kjem til jul.

Håper de er interessert i å følgje oss.