Barkebrød steg for steg

Då er vi endelig klare med barkebrøda! Sanninga er at barkebrøda har vore ferdige i snart ein månad, men livet vart hektisk og barkebrød på blogg vart nedprioritert. Men eg har fått levert ferdig ein artikkel til Årbok for Nordfjord. Så no kryssar eg fingrar og tær for at den blir med i år!

Framgangsmåten har vore prøving og feiling. Men det vart no barkebrød til slutt. Eg vil vise framgangsmåten gjennom bileta eg tok underveis. Det er i hovudsak tre ledd i arbeidsprosessen: Innsanking med tørking, kverning av borken og sjølve bakinga av barkebrødet.

 

Innsanking og tørking av almebork:

Bilde1
Bestefar og hagesaksa!

 

Alm var beste tresorten til å lage borkebrød av. Eg har allereie lagt ut eit innlegg som fortel at det ikkje var mangel på alm i bygda. Vi fekk lov til å ta bork i frå nokre almetre i Hope etter avtale med grunneigar. Han veit sjølv kven han er, og smaksprøver er på veg!

Vi tok ikkje bork frå sjølve treet. Eit almetre var ei forsikring mot svolt og måtte vernast. Vi tok renningane som stakk opp med rota på det staselige almetreet. Renningane som var 2-3 centimeter i diameter, var dei beste.

Då vi hadde tilstrekkelig med kvistar måtte vi flekke av borken. Denne arbeidsprosessen gjorde vi i mai månad. Då var treet full i sevje, så arbeidet gjekk greit.

Bilde2
Ved hjelp av ein kniv gjekk arbeidet lett.

Dei brukte ikkje heile borken. Ytterste delen (sjølve borken kan du sei). Den var bitter på smak og uønska i barkebrødet. Det var den lyse innerborken dei laga brød av.

Etter at borken var delt måtte den tørkast. Vi sette den ut i sola i luftige korger og ellers stod det inne i stova (viktig å ha noko å snuble i).

Etter at borken hadde tørka i vel to månadar, klipte vi den opp i små bitar. Omlag 1×1 cm. Det var vel kjedligaste delen av heile prosjektet. Heldigvis er bestemor ivrig på å halde menneska rundt seg i aktivitet, så arbeidet vart gjennomført!

Etter klippinga var det endelig klart for å svinge kverna. Vi var litt spent på korleis det skulle gå!

 

Å kverne almebork:

 Det går fint å løyse svetten når ein slit over handkverna. Det gjekk ikkje så lett som vi hadde tenkt. Første gongen vi kverna borken gjennom, synte det knapt at vi hadde lagt vekta på kvernsteinane og virkelig tatt i. Her var det berre å kaste skjorta og ta til på jobben.  Borken måtte sendast gjennom kverna vel fire gongar før vi sa oss nøgde.

Bilde3
Kverna har Norsk kvernsteinsenter i Hyllestad laga og den er utlånt av Nordfjord Folkemuseum.

Om ein kverna for raskt vart ikkje borken kverna. Ein måtte halde eit relativt sakte tempo for å få best resultat. Det var sjølvsagt det tyngste tempoet!

IMG_7672
Fleire i slekta måtte ta del i grovarbeidet. Her er bestefar og Julie godt i gang.

 

IMG_7658
Bestemor tok det som ei treningsøkt!

 

IMG_7668
Noko finmalt og noko som treng ei runde til i kverna.

 

Bilde4
Det endelige resultatet.

 

Etter at vi hadde kverna borken vel fire gonger vart resultatet som de ser på biletet over. Ikkje heilt mjøl, men heller ikkje heilt bork! I etterkant kom vi fram til at borken med fordel kunne ha vore litt tørrare om det hadde vore mogleg. Kanskje ein kan tørke borken på varmluft i steikeomnen?

Då vi var ferdige med å kverne hadde vi omlag 600  gram med borkemjøl. Vi var klare for siste del i prosjektet. Steike borkebrød.

 

 

På bakstehella: 

Før vi tar til på denna delen av prosjektet må det understrekast at ingen av oss som er med, har fortid som bakstekoner. Reint estetisk lyt ein derfor ta resultatet med ei klype salt.

Borkemjøl vart laga for å blande i det vanlege mjølet, så det varte lenger. Det var vanleg å blande to delar vanleg mjøl og ein del borkemjøl.

Bilde5
Klar til innsats!

Her er oppskrifta vi nytta:

300 gram borkemjøl av alm.

600 gram byggmjøl.

1 teskei salt.

7-8 dl vatn. (Byrja med 7 dl og måtte auke til 8)

Vi rørte saman og knødde deiga i vel ein halv time. Då fekk deiga stå ei stund før vi knødde ho litt til. Dette gjorde vi for å få deiga så seig som mogleg. Vi fekk ikkje deiga like seig som ein vanleg flatbrøddeig. Likevel var den god å kjevle ut. Vi laga små emne og leivane vart på mellom 25 og 30 cm i diameter.

IMG_7978
Legg merke til at vi har funne fram det finaste skautet for anledninga!

 

IMG_8002
Passe store leivar som gjekk greit å handtere.

 

Bilde6
Ferdig produkt!

 

Om du er nysgjerrig på smaksopplevinga av vårt eminente borkebrød, lyt du vente til neste innlegg. Vi har nemlig tenkt å invitere på gjestebod, der blant anna eigaren av almen skal få komme. Vi får håpe han vert nøgd med borken sin.

Om du er interessert i meir informasjon rundt barkebrødet og framgangsmåten, vil det komme i Årbok for Nordfjord 2014, som kjem i desember.

Advertisements

Når folkeminnet går ut…

IMG_7665
Foto: Peder Holme

Når ein arbeider i den lokalhistoriske kultursektoren (folkemuseum), er folkeminne gull verdt! Besteforeldre som hugsar tilbake til sine besteforeldre kan vere eit triumfkort til neste arbeidsdag. Men av og til hende det ein vil sjå nærare på noko bestemor sin bestefar ikkje har fortalt noko om (og han var ein mann som hadde noko å sei om det meste). Då går folkeminnet ut… Attende sit vi med berre vage tankar om korleis ting var og korleis ting vart gjort.

Av og til vert ein nysgjerrig på korleis ting var eller korleis ting vart gjort. Då kan ein også ha skikkelig flaks og få med bestemor og bestefar på laget. Det fekk i alle fall eg då eg ville forsøke å lage barkebrød!

Barkebrød på digitalt museum

Kvifor lage barkebrød?

Bakgrunnen for forsøket er grunnlovsjubileet. Det er 200 år sidan Noreg fekk Grunnlova si. Det er også 200 år sidan Noreg vart herja av hungersnaud. Kongedømet Danmark-Noreg hamna på feil side i Napoleonskrigen. Vi var på lag med Napoleon som var i ferd med å tape verdensherredømet han drøymde om. Danmark-Noreg var då i krig mot verdas sterkaste sjømakt, Storbritannia. Det var ein krig som først og fremst gjekk ut over Noreg. På lik linje med i dag, var Noreg avhengige av å importere korn i frå Europa (nokre ting er framleis det same). I frå 1808 sette Storbritannia opp ein handelsblokade som isolerte Noreg totalt, med fiendtlige Sverige i aust og verdas sterkaste sjømakt rundt kysten.

Det er vel fleire enn eg som har kjempa seg gjennom Henrik Ibsen sitt dikt om Terje Vigen som rodde til Danmark etter korn i norsktimen. Når eg les det i dag er det ganske interessant. I åttande klasse var det drepande kjedelig.

+SCC-AIPub-A-løpet-stor-minn1terjevigen1804

Terje Vigen teikna av Christien Krogh.

Tilbake til barkebrødet

Når det minka på kornet laut ein dryge det som best ein kunne. Nokre blanda islandsk mose i flatbrødmjølet, andre lagde barkemjøl. Lenger nord var det vanleg å bruke furu-bork. Inne i dei vakre fjordarmane til Nordfjorden (heilt upartisk) er det eit mildt klima der almen trivst godt. Almeborken skulle vere det beste barkemjølet. Den hadde ikkje noko bitter ettersmak og deigen med almebork skulle vere enkel å bake ut.

Alt dette om barkebrød og alme sine framifrå evner som barkemjøl har eg lest meg til som den godt opplærte akademikaren eg er. Etter å ha lese det som finst om barkebrød på Gloppen Bibliotek er eg, bestemor og bestefar klare til å vise dykk korleis ein lagar barkebrød.

Eg har også vore så heldig at det lokalhistoriske tidsskriftet Årbok for Nordfjord vil ha med ein artikkel om barkebrød-prosjektet vårt i 2014 utgåva som kjem til jul.

Håper de er interessert i å følgje oss.