Kristian Simenson Aa – Ein kjendis frå Hyen i 1799

Vi har vel alle hatt om Haugianarrørsla på skulen. Nokon av oss hugsar til og med at mannen bak rørsla heitte Hans Nilsen Hauge, og reiste land og strand rundt og predikerte Guds ord. Og så var det noko om at han ikkje eigentleg hadde lov til det og den norske staten heiv han i fengsel rett så det var.

Men eg lærte ikkje at denne pietistiske urokråka har vandra rundt i Hyen. Og at ein av dei mest trufaste følgjarane hans var ein bondegut frå Erke-Ola-stova på Aa (Jakobbruket for dei som likar å sjå i bygdeboka). Kristian Simenson Aa heitte han og han var visst nok den første lekpredikanten frå Nordfjord! Hans Nilsen Hauge er for tida ʺi vindenʺ blant feire historikarar, der fleire forskar på han og haugianarrørsla som vart bygd opp rundt han. Kven var so denne Hans Nilsen Hauge, og mest av alt: kan vi finne ut noko meir om Kristian Simenson Aa? Kan vi setje Hyen på kartet i forskinga rundt haugianarane?

IMG_6884
Ganske fint å lese ein artikkel av tipp-oldefaren i sola! Foto: Annette Langedal Holme

Hans Nilsen Hauge var ein lekpredikant. Det vil sei ein mann/kvinne som forkynner guds ord utan å vere prestevigd. Alt i 1741 fant kong Christian VI ut at slike lekpredikantar var ein uting og lagde ein konventikkelplakat som forbydde folk å fortelje om si personlege tolking av trua. Statskyrkja skulle ha einerett i å tolke og formidle religionen. 1700-talet var ei tid der kongen sette pris på at ingen stilte spørsmål til det som vart bestemt. Reflekterande og religiøst opplyste undersottar kunne derfor bli skikkelig plagsamt. Dei som braut denne konventikkelplakaten risikerte fengsel, livstid på arbeidsanstalt eller i verste fall dødsstraff. Trugselen om eit liv i lenker eller eit øksehogg i nakken var ikkje nok til å stogge Hans Nilsen Hauge. Han hadde høyrt guds ord og dette måtte han dele! Han skreiv ein brote med bøker og tok til på ei omfattande reiseverksemd rundt om i landet. Han var flink til å tale og mange let seg begeistre og retta seg etter Hauge sitt ord. På berre nokre år hadde han tilhengjarar over heile landet og haugianarrørsla tok til å ta form. Her i Sogn og Fjordane var det først og fremst i Ytre Sunnfjord folk let seg begeistre. Kjerneområdet var Svanøy, Vevring og Naustdal. Ein ting til som bør nemnast om Hans Nilsen Hauge var at han  hadde eit talent for å tene penge og ikkje minst var han flink til å anbefale dei lydige haugianarane sine i å investere i saltebuer, gardsbruk, landhandlarar og liknande. Og dei lydige haugianarane tok opp lån og investerte nett slik lekpredikanten hadde sagt. Og ja, dei tente gode pengar.

 

Hans_Nielsen_Hauge
Einaste kjende portrettet av Hans Nilsen Hauge. Måla i Københamn kring 1800. Bilete er henta frå Wikimedia commons.

Kva så med Kristian frå Aa? Korleis trefte han denne veltalande gründeren frå Sørlandet? For å hjelpe oss med dette kjem faktisk tipp-oldefaren min inn i bilete. Han Gunnar ʺstore gunnjaʺ Fitje f.1879, var ein gardbrukar med historiske ambisjonar (og så må han ha vore ganske stor). I 1959 hadde han blitt ein gammal mann, men det er ingenting å utsetje på artikkelen han har skrive om haugianarrørsla i Nordfjord (det einaste eg saknar er ei litteraturliste, men han er ikkje den første eller siste lokalhistorikaren som har synda på det punktet!)(Kjeldekritikk til folket!). Han ʺStore gunnjaʺ har prata med folk som var haugamle lenge før han sjølv vart haugammal. Blant desse var Jakob Røyrvik, Anders E. Rønnekleiv, R Sæterlid og Nikoline J. Eimhjellen. Dei kunne fortelje at Hans Nilsen Hauge og Kristian Simenson Aa kom gåande ned på Gamlestøylen og ned i Eimhjella.  Dei hadde gått frå Eikefjorden, Svarthumle og om Ramsdalsheia til Hyen. Vel framme i Eimhjella får vi rekne med at dei vart tatt vel imot, for Hauge heldt møte i Neste-garden der Nils Karsteinson var husbond. Vidare gjekk dei truleg Austredalen ned til Aa. Hauge kjende seg preikesjuk der også og heldt møte i Erke-Ola-stova på Aa. Det var i denne stova Kristian og dei fire syskena vaks opp. Far i familien, Simen Olsen, døydde tidleg og mora Massi Larsdotter sleit hardt for å få mat på bordet. Han tipp-oldefar skriv at ʺMassi-gutaneʺ var framtøke karar og reiste tidleg ut for å ta teneste. Vi veit at både Kristian og broren (..) arbeidde som lærarar ei tid. Eine broren, Mads, vart kalla ut i Napoleonskrigen og døydde på Fredriksten 1808.

IMG_6534
Garden Aa i 2016. Gode klyngetuntendensar endå! Foto: Annette Langedal Holme.

Han Kristian var altså tidleg ut med å forlate barndomsheimen på leit etter arbeid. Dette var fyrste steget mot å bli kompis med Hauge. Kristian fekk nemleg arbeid med den kjende haugianaren Peder Steinhovden som eigde ein stor gard i nettopp Steinhovden. Her fekk Kristian vere med på eit møte med Hauge, og som så mange andre vart han frelst. Han var med på fleire av reisene til Hauge, spesielt i Sunnfjord og Nordfjord. Etter ei tid kom han vel fram til at folket trengte fleire predikantar og tok så smått til sjølv. Hans Nilsen Hauge såg tross alt på heile landet som sitt bedehus og sat oftare og lengre i fengsel etter 1800. Kristian Simenson Aa skal ha hatt eit godt rykte og tok seg aldri betalt for å forkynne guds ord.

Til slutt må eg nemne Hans Nilsen Hauge si framifrå datingteneste, ʺgift deg med ein haugianarʺ. Lekpredikanten hadde sansen for å knytte i hop tilhengjarane sine i ekteskaplege band. Eg mistenkjer at alderssamansetning og kjærleik av og til var nedprioriterte punkt i datingtenesta til Hauge, men han kan nok vise til ein betre statistikk i langvarige ekteskap enn dagens datingsider! Kristian Aa fekk eit stalltips frå Hans Nilsen Hauge om at enka Ølgård Ausevik i Høydalsfjorden var ledig på marknaden.

Før vi går vidare lyt vi nesten ta ein stopp med ho Ølgård Ausevik. Ja det var eit namn! Nokre raske søk på digitalarkivet viser at det ikkje var eit spesielt sjeldan namn heller. I dag er stoda noko annleis og SSB.no kan melde om at 4 eller færre i Noreg i dag har namnet Ølgård (om du vil ha eit unikt namn på avkommet er altså Ølgård eit godt tips).

Han Kristian gifta seg altså med enka Ølgård og flytta inn på garden hennar i Ausevik. Her dreiv han garden og levde som folk flest. Når høve bydde seg tok han seg ei runde og predikerte for dei som var interesserte. Han reiste mest rundt i Sunnfjord, men hadde ein særskild hug for heimbygda si og reiste ofte heim til Hyen for å tale Guds ord. Gunnar Fitje meinte på det at det var ekstra stor kristeleg interesse i Hyen. Kanskje det er årsaka til at Hyen omsider fekk si eiga kyrkje i 1876?

 

NFM.0000-01167
Ei godt brukt bok av Hans Nilsen Hauge frå samlingane til Nordfjord Folkemuseum. cc-by-sa.

Litteratur:

Fitje, Gunnar. 1959. Haugianarrørsla i Nordfjord. I Årbok for Nordfjord 1959. 4. årgang.

Sandal, Per. Bygdeboka for Gloppen og Breim, band 1-3.

Wikipedia – Hans Nilsen Hauge

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s