Lenke

Motstand, nødrop, gestapo (og teater) på Staveneset

Dette innlegget hadde eg tenkt skulle leggast ut dagen etter at eg såg skodespelet Stavenes.Krig. ute på Staveneset 9. august. Men so kom det fine været vi hadde venta sånn på, og so gjekk heile saka i gløymeboka. Her kjem det dog likevel: alt for seint og rimelig uaktuelt.

 

 

«Det var nok eit stykke til næraste pub,

Det skal Commander Eric Welsh ha sagt til den 25 år gamle Eivind Viken, då han spurte om Viken kunne tenke seg jobben som telegrafist på Staveneset i Sogn og Fjordane.  Commander Welsh var leiar for den skandinaviske seksjonen av Secret Service under 2. verdenskrig. Etter lang fartstid i Bergen hadde Welsh god kjennskap til norskekysten og det stod klart for han at radiotelegrafister måtte plasserast på strategiske lokalitetar. Staveneset var ein slik lokalitet. Ei landtunge som strakte seg vestover frå Askvoll kommune med god oversikt over skipsleia. I fredstid var det ein skjerma stad utan vegsamband inn i Stongfjorden. Menneska som budde der ute sysssla med sitt, først og fremst fiske og litt jordbruk. I tillegg var det eit lite postopneri, telefonsasjon, fyrlykt og ekspedisjon for rutebåten der. Ein avsides forblåst plass under himmelhvelvinga.

IMG_5010
Staveneset.

Men under 2.verdenskrig vart det spelt heilt andre tonar. I to periodar gøymde lokale innbyggarar på Staveneset telegrafistar frå England. Den første perioden varte frå november 1941, fram til våren 1942. Eivind Viken og etterkvart Ole Snefjellå sat då godt oppi steinura på Staveneset med radiosendaren sin og rapporterte om den tyske skipstrafikken som gjekk over  Stavfjorden. Det må ha vore eit kaldt verv karane hadde tatt på seg den vinteren. Heldigvis hadde dei gode hjelparar i eit ungt ektepar nede på Staveneset. Chester og Petrine Saltskår hadde nyleg kjøpt denne forblåste garden. Dei sette fleire gongar seg sjølv i fare for å innhente informasjon til agentane. Det vart mange turar i svarte natta for han Chester, der han rodde beskjedar mellom øyene. Agentane fekk også ein varm middag kvar natt av Petrine. I tillegg måtte ekteparet leve livet sitt som normalt om dagen for at ingen skulle fatte mistanke til dei.

Aksjonen gjekk godt ei tid, men i mai 1942 byrja det å brenne under føtene på dei. Tyskarane hadde oppdaga motstandskjemparar i Telavåg. Hemnaksjonen til tyskarane var brutal. Heile bygda vart brent ned og alle menn mellom 16 og 60 år vart sendt til Sachsenhausen i Tyskland. Halvparten kom aldri heim att. Under opprullinga i Telavåg, fann tyskarane ledetrådar til Bulandet i Askvoll. Det var berre snakk om eit tidsspørsmål før Gestapo kom til Staveneset for å hente Chester, Petrine og den to år gamle sonen deira, Harald. Dei måtte vekk og det litt kvikt.

Eivind Viken sendte eit nødrop til England og fekk beskjed om at dei skulle bli henta med fly. Dei måtte ro ut med båten kl 12 om natta så sjøflyet kunne plukke dei opp. Grunna litt misforståingar mellom norsk og engelsk tidssone, vart det ei lang natt ute i båten. I tillegg såg dei tyske patruljebåtar i området. Om vesleguten Harald vakna og sette i å gaule var alt over. Til slutt kom flyet. Dei rakk akkurat å hive seg inn i flyet før dei måtte hive seg i lufta att. Alle eignelutane deira låg att i båten.

Vingtor_jt
Flyet Vingtor som kom å henta Chester og Petrine den nervepirrande natta 23. mai 1942. Bilete er henta frå wikipedia.

 

Dei gjorde ikkje forskjell på mann og kvinne.

Dette fortalde Oddny Saltskår i eit intervju der ho fortel om tida ho vart torturert av Gestapo i mars 1945. Oddny skal vere ein av Noregs mest torturerte kvinner under 2. verdenskrig. Men ho sa ingenting om aktiviteten på Staveneset.

Etter at Chester og Petrine flykta til Skottland, var det systra til Chester som tok over. Ho dreiv garden, postopneriet, telefonen og fyrlykta vidare. Det var eit stritt arbeid for ei ung jente i 20-åra, men ho fekk god hjelp frå naboguten Anton Hollevik. Det tok ikkje lang tid før desse to vart par i hjerter og lova å gifte seg når krigen var over.

Den 22.august 1944 la ubåtjagaren «Vigra» til kai i Staveneset. Om bord var ingen ringare enn Chester Saltskår. Med seg hadde han to agentar og nytt radioutstyr. Det var på tide med eit nytt forsøk på Staveneset.

Oddny og Anton holdt fortet på same måte som Petrine og Chester hadde gjort før dei. Hemmelege utflukter og brødbakst på nattestid, på evig utkikk etter tyske soldatar. Slik holdt dei på heilt fram til mars 1945. Då fekk agentane beskjed om å komme seg vekk. Dei prøvde å overtale Oddny og Anton til å bli med, men dei var redd for kva tyskarane kunne gjere mot familien til Anton, så dei valgte å bli.

Der sat altså to unge mennesker att på Staveneset, utan moglegheit til å flykte. Oddny og Anton får kort tid etter beskjed om at dei er forrådt av ein sambygding. Gestapo er på veg. Dei pakka sakene sine og ville prøve å flykte morgonen etterpå. Men før dei rakk det stod huset på Staveneset fult i tyske soldatar. Det var over.

 

Staveneset. Krig.

Første gongen eg parkerte bilen min på Staveneset for å reise ut på Smelvær, fortalde stepappsen at det hadde gøymt seg agentar oppe i steinura under krigen. «Kult. Dit må vi opp ein gong» svara eg. Jau det hadde stepappsen også tenkt på i mange år. Og det vart nokre år til. Det måtte faktisk eit skodespel til. Det er nok mange som kjenner til krigshistoria frå Staveneset. Regissør Jeff Pedersen har laga eit skodespel med Oddny og Anton i hovudrollene. Han hadde ikkje gjort det enkelt for seg sjølv. Skodespelet Staveneset. Krig. skulle spelast under ein hellar på Staveneset. Skodespelarane måtte bruke naturen som kullissar og publikum måtte presse seg saman på nokre provisoriske tribuner. Det var ei fantastisk oppleving eg er glad eg fekk med meg 🙂

 

 

Litteratur:

Haga, Arnfinn (2014) Nødrop fra Staveneset.

Losnegård, Gaute (2011) Havfolk og fjordfolk, Allmennsoge for Askvoll, bind II.

Digitalt fortalt. krigsdrama på Staveneset.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s