Smelvær – frå tragedie til ferieparadis

Når eg har tid drar eg mot havgapet. Der finn eg øya Smelvær med utsikt mot Alden i sør og Kinnaklova i nord. Av og til ligg havet speilblankt og hurtigruta dupper rolig forbi oss 09:45 kvar morgon. Andre dagar riv vinden i huset og vi ser knapt den store båten bakse seg sørover. Det er ein feriestad med kontrastar kan ein sei, men det er vår heilt eigne øy!

Smelvær no og då er også fult av kontrastar. Allereie dei første gongane eg var med stepappsen Henning ut på øya fortalde han om ei stor ulykke som hadde råka familien hans her ute på Smelvær. Alle mennene hadde drukna ein dag dei var ute på fiske. Tilbake sat kvinnene på garden. Ei av desse kvinnene var bestemora til Henning, ei dame som må ha spelt ei stor rolle i livet hans.

img012
Huset merkt med pil er i dag vårt ferieparadis.

Det siste året har eg undersøkt litt rundt Smelvær-ulykka og menneska som opplevde den. Eg har fått innsyn i menneskeskjebner som har opplevd fryktelige tragedier, men også fått ny tru på viljen til å hjelpe menneske som treng hjelp. Teksten under skreiv eg til stepappsen Henning og har fått lov til å legge den ut her. Innleiingsvis kjem ein presentasjon av familien som levde på Smelvær i 1939, vidare kva som vart skjebnen til dei attlevande.

Frå minnestunda på Smelvær.
Frå minnestunda på Smelvær. Frå venstre: Gudrun, Solfrid, Matilde og ein onkel.

Ein dag som alle andre dagar

Det er ein frisk morgon på Smelvær. Kalenderen seier 7. juni, men det er også alt som skal tilseie at det er sommar denne morgonen. Dei grå skyene heng lågt og den kalde vinden kan trenge heilt inn i margen på ein gamal skrott. «Det kunne like gjerne vore november» mumlar Bertel for seg sjølv, medan han dreg jakka betre rundt halsen. Han står på haugen ved sidan av huset og speidar ut over Storøyna og havet, denne morgonen som alle andre. Alden i sør var heilt gøymt bak skydekket i dag, det same gjaldt for Tansøy og Rognaldsvågen i nord. Det var på slike dagar ein verkeleg kunne kjenne seg åleine på den vesle øygruppa vest for Staveneset. Men isolasjon på ei øy ute i havgapet trong ikkje vere noko dårleg. Bertel likte heller å sei at Smelvær var det beste utgangspunktet ein fiskar kunne ha. Der fiskarane inni Stongfjorden måtte starte dagen med å ro ut heile fjorden, kunne Bertel hoppe i båten og starte arbeidet omgåande. «Nei takke seg til den flekken Herren har gitt oss», seier Bertel høgt. «Den er ikkje så verst når alt kjem til stykket».

«Sa du noko?» ropar Matilde opp til han. Kona er på veg tilbake til hovudhuset etter å stelt med krøttera. «Det var til vår herre eg snakka, ikkje til deg kjerring!» kauka Bertel tilbake. «Jau ein god samtale med Herren er vel og bra, men no får du ta å trekke innomhus» svarar Matilde. «Ho Gudrun har gjort klar frukosten». Ho ventar ikkje på svar, men småspring inn i ly for vinden.

Om magen hadde fått bestemme hadde han sprunge etter hakk i hæl, men han måtte sjå utover det grå havet ein gong til. Eit par gode drag med pipa medan han såg på dei kvite skumtoppane som kasta seg meterhøgt oppetter berget. Når sant skulle seiast var det eit skikkeleg ruskevær utpå i dag. Hadde det ikkje vore for hummarteinene hadde han halde seg heime. Men han var uroa for at teinene skulle slite seg, og det var ein risk han ikkje kunne ta. Det hadde vore kostbart å bygge nytt våningshus og framleis var det ikkje ferdig. Dei timbra veggane gliste nakne mot han. Dei måtte snart ta til med å få på kledningen, men då måtte dei først skaffe pengar til å kjøpe inn material.

Nei, skulle dei få behalde gard og grunn laut dei trekke hummarteinene inn i dag. «Gjerne smikkande fulle med stor hummar òg», tenkte Bertel før han kreka seg ned haugen (var den brattare enn i fjor?) og inn på det varme kjøkkenet.

Kjøkkenet var alt fult i folk. På benken langs med veggen sat dei to vaksne sønene hans Konrad og Alf og barnebarnet Solfrid. Konrad var eldst og var allereie enkemann. Ho Margit hadde måtta gi opp livet førre vinter. Bortgangen kom brått på alle. At eit menneske i sin beste alder, så full av liv, berre kunne forsvinne i ein sjukdom, er ikkje mogleg å førestille seg før ein brått får oppleve det. Tilbake stod ein gard og ein familie som hadde sett på Margit som ein forsikring. Ein forsikring på at øya og familien var trygg ein generasjon til. I staden sat ein enkemann og ei morlaus jente på under to år. Men bra er det at dei to har funne trøst i kvarandre tenkte Bertel, medan han smurde eit tynt lag med smør over ein brødskalk. Jenta sat trygt på faren sitt fang og åt brødskive med rabarbrasyltetøy. Lovleg mykje syltetøy om Bertel skulle sagt si meining, men det gjorde han ikkje.

«Det er jammen kraft i havet i dag» seier Gudrun, medan ho myser ut kjøkkenvindauget. Ute i leia baksar ei fiskeskøyte seg framover. Den ser mest ut som ein leikebåt slik den blir kasta fram og tilbake i bølgjene. Ho ser skarpt bort på faren. «Hummarteinene må inn» svarar han kort på blikket hennar. Ho myser ut gjennom vindauget att, tydeleg misnøgd, men ho seier ingenting. Ho veit betre enn å diskutere sånt med faren.

Bertel tømmer kaffikoppen. Det er nokre yndige små fingerbøl som knapt dugde til eggeglas. Men koppane var Matilde sin store skatt, så Bertel og dei to sønene løfter koppane varsamt med tre fingre og hiv nedpå den slunkne kaffiskvetten utan å eigentlig smake han. Når Bertel tenkte nærare etter, var det kanskje ikkje så dumt med små kaffikoppar. Ikkje med tanke på kor dyr kaffien hadde vore sist han var inne til Herland å handla. Avisene lovde ikkje godt. Store ting var på gang ute i verda. Det beste ein fiskarbonde kunne håpe på, var å få lov til å halde på med sitt og ikkje bli drege inn i prosjekta til dei styrande menn i hovudstaden. Og medan ein tenkjer på sitt eige. Han hadde jo hummarteiner som venta på han.

«Kom igjen no dokke to! Det blir ikkje mat på bordet av å sitje på kjøkkenet til langt på dag!» sa Bertel skarpt til sønene. «Opp!».

 

Gudrun sto å vaska opp og keik ut det nordvendte kjøkkenvindauget. Ho såg karane forsvinne ned mot naustet. Snart såg ho færingen med tre skikkelsar ro ut gjennom sundet. Dei rodde på innsida av øya merka ho seg. «Det var no noke om ikkje anna», mumla ho for seg sjølv og heldt fram med oppvasken. Mora rasla med noko nedi kjellaren. Gudrun skjønte at Solfrid var saman med mora, for mora song. Det gjorde ho berre saman med Solfrid.

img017 - Copy
Frå venstre: Matilde, Alf, Gudrun, Konrad og Bertel. Fremst sit mor til Bertel.

Matilde og Gudrun lurte sikkert på kor det vart av karane. Middagen var klar for lenge sidan. Den vart kald og det var nok ikkje fritt for irritasjon der dei sat å venta. Dei var vel ikkje så gapne at dei sette hummarteine på nytt i detta været? Sjølv om sikta var dårleg, stod nok kvinnene på den same haugen som Bertel hadde speida i frå om morgonen. Med mysande auge prøvde dei å sjå gjennom regnet som piska sidevegs. Let blikket flakke på jakt etter ein færing med tre skikkelsar oppi. Angsten alle kvinner langs med kysten har kjent på kom sigande på dei to kvinnene. Frykt for at noko kan ha skjedd. Frykt for at havet skal ta i staden for å gi. Frykt for å sitje att åleine!

Det kom ingen færing heim den dagen. I staden kom naboane stille over haugen. Det var Magnus Smelvær og Johan Tviberg. Dei gjekk som dei bar på ei tung bør.

Det var ikkje Bertel, Konrad og Alf som kom heim frå hummarfiske. I staden kom bodskapen om ein knust færing ute på nokre skjær. Det einaste Matilde, Gudrun og Solfrid fekk heim den kvelden var bodskapen om at dei no var åleine i verda. Angsten kunne gå over til sorg. Havet hadde alltid gitt dei eit levebrød. No tok havet tilbake på den  verst tenkelege måten. Ute raste framleis stormen, brenningane slo opp over øya. Inne sat to kvinner og eit barn i djup sorg og med ei usikker framtid.

img021 - Copy
Staden der ulykka skjedde. Pila er teikna inn av Gudrunn.
Den knuste færingen.
Den knuste færingen.

 

Frukosten 7. juni var det siste måltidet familien fekk saman. Teksten over er mi eiga tolking av morgonen før den store ulykka på Smelvær. Tankane og orda til familien har eg sjølv lagt i munnen på dei. Men alle desse menneska har ein gong levd på Smelvær. Det var ei ulykke som prega heile området. Skjebnen til dei tre attlevande på øya skapte eit stort folkeleg engasjement. Det kan vi sjå i lokalavisene dei kommande dagane. Gjennom lokalavisene får vi også eit lite innblikk i korleis det går med den vesle familien på Smelvær.

Informasjonen nedanfor er henta i frå to aviser: Fylkestidende som vart trykt i Askvoll og Firda Folkeblad som vart trykt i Florø.

«Skrekkelig ulykke ved Smelvær» Fylkestidende 8.juni 1939

Allereie dagen etter ulykka stod saka på trykk i Fylkestidende.  Avisa fortel om den grufulle ulykka og den fortvilte situasjonen til dei attlevande. Stormen raser tydelegvis framleis, for lensmann Skarstein ber om at bygdefolket må hjelpe til å sokne etter lika når sjøen har roa seg. Gudrun og Matilde må ha hatt eit sterkt ønske om å gravlegge sine kjære i vigsla jord. 8. juni må ha vore ein forferdeleg dag for dei. Omfanget av ulykka dei hadde hamna i, byrja nok no å gå opp for dei. Der sit to kvinner og eit lite barn på eit lite småbruk, i eit uferdig hus som ikkje er nedbetalt, utan nokon til å forsørgje seg. Mest truleg laut dei flytte frå garden, og kor skulle dei då ta vegen?

test123

Oprop!

Les ein 8. juni utgåva av Fylkestidende litt grundigare kan vi sjå at det er fleire som har tenkt på den fortvila situasjonen til etterkommarane på Smelvær. Litt til venstre for det store innlegget om ulykka, står ein smal notis med den korte tittelen: Oprop! Det er denne notisen som gir oss eit lite håp om at det kan gå bra for dei attlevande. Mennene bak notisen er; konstituert sokneprest A. Lodøen, ordførar Olai Einen og lensmann M. Skarstein. Dei var tre ressursstreke menn i Askvoll kommune. Notisen Oprop!, er ei oppmoding til bygdefolket om å gi ei pengegåve til dei attlevande. Gjennom denne hjelpa kan dei kanskje klare å behalde huset og garden.

Dagen etterpå står nyhendet om ulykka og oppropet om hjelp på trykk i Firda Folkeblad i Florø. Ein storslegen innsamlingsaksjon var dermed i gang!

img044
Solfrid og Gudrun

Gravferd 17. juli

Det går over ein månad utan at lokalavisene fortel noko om korleis det går med folket på Smelvær. Men så den 17.juli kan Fylkestidende fortelje at det skal vere gravferd same dagen. Det er ikkje tre, men to kister som skal senkast i jorda. Sokninga etter dei omkomne dagane etter ulykka, var utan resultat. Det vart først fredag 14.juli at liket til faren, Bertel, vart skylt opp på land. Ikkje langt frå skjæret der dei hadde funne den knuste færingen. Dagen etterpå, laurdag 15. juli, fann dei liket til yngstemann, Alf. Avis fortel at det ikkje var råd å kjenne att mennene og at dei måtte identifiserast ut i frå kleda dei hadde på seg.

Firda Folkeblad kjem med utfyllande informasjon om gravferda i si avis dagen etterpå, 18.juli. Nokon som var med på gravferda har skrive inn til Firda Folkeblad og fortalt om dagen. Teksten er so flott og fortel so mykje at eg må ta med heile:

Gravferdi

De to omkomne blev begravet på Askvoll i går. Båt efter båt stevnet mot Smelvær med slekt og venner som vilde vise sin deltagelse med den hårdt prøvede familie. Havet lå som et speil i det vakre sommervær. Det var vid utsikt utover og mangt et øie søkte dit hvor den forferdelige ulykke hendte. På tunet stod det to hvitmalte kister. Efter salmen «Den siste skilnad er vel sår» talte generalsekretær Lyngstad som hadde konfirmert begge sønnene da han var sogneprest i Askvoll. Han nevnte at på mindre enn et halvt år var tre av hans konfirmanter fra samme hus gått bort. Den omkomne Konrad Smelvær mistet sin hustru i januar. Pastoren leste ordet fra 5. mosebok 29, 29: «Det skjulte er for Herren vår Gud og det openbare er for oss og våre barn» og gav uttrykk for den sorg og gru som hadde grepet folket herute ved denne ulykke.

Kistene blev så ført til Askvoll kirke som var vakkert pyntet. Der talte kst. Sogneprest Haugen. Ved graven forrettet pastor Lyngstad og rettet til sist en takk til de mange som hadde vist sin deltagelse med den hårdt prøvede familie som på en dag mistet alle sine mannlige medlemmer.»

img025

img002

img003

img022 - Copy

img023

For oss som har vore så heldige å oppleve Smelvær på ein finversdag, kan vanskeleg sjå føre oss to kvitmåla kister på tunet, omringa av eit folkehav. Båtane nede ved kaia må ha blitt fortøyd saman, slik at ein kunne gå tørrskodd over båtane til lands. Smelvær, som dei fleste andre øy-samfunn får sjeldan gjestar. Kom det folk til Smelvær, var det fordi dei hadde eit ærend dit. Som oftast var det øybuarane som måtte setje seg i båten og oppsøke folk. Men den 17.juli 1939, var det Smelvær folk oppsøkte. Og det var med tunge hjarte dei gjekk i land på øya.

Hausten

Utover hausten kjem det fleire notisar i begge avisene om at det skal haldast auksjon over fiskereiskapane etter Bertel, Konrad og Alf Smelvær. Bertel var også deleigar i fleire notbruk i distriktet. Var ein med på eit notbruk, lyt ein også stille med arbeidskraft i sesongen. Sidan alle mennene var vekke, var det ingen som kunne ta Bertel sin del av arbeidet i notbruka. Det er truleg derfor det vart lagt ut på auksjon.

Nytt år

I Fylkestidende 19. februar 1940 og i Firda Folkeblad 20. februar 1940, kjem det på ny ei notis i frå soknepresten, ordføraren og lensmannen i Askvoll. Notisen er ein takk til alle gjevarane. Til saman vart det samla inn 3500 kroner til dei tre attlevande på Smelvær. Ei nemnd beståande av dei same tre mennene skulle styre pengane. 3500,- 1940 kroner  svarar til 87 769,- 2011 kroner. Folk hadde vist ei stor gjevarglede i denne saka. Takke notisen kan fortelje oss at noko av pengane vart brukt til å få kledning på huset. Mykje vart sett av til å betale komande avdrag på huset, men 64 kroner og 17 øre vart plassert på ei eiga bankbok. Denne bankboka vart sett i vesle Solfrid sitt namn.

Til sist i takkenotisen står det at det er heilt sikkert at Matilde, Gudrun og Solfrid ikkje hadde klart å behalde garden om det ikkje hadde vore for pengegåva.

Dette er det siste vi finn om Smelvær-ulykka i avisene eller andre kjelder. I avisa står det at eit utfyllande rekneskap skal kome i kyrkjebladet til Askvoll sokn. Etter i herdig leiting kan det sjå ut til at det rekneskapet aldri vart trykt i bladet.

Levningane etter Konrad vart heller aldri funne.

Smelvær i dag

Korleis gjekk det så med dei tre damene på Smelvær? Livet måtte nok over i ein kvardag og livet gjekk vidare. Dei møtte snart på nye utfordringar med krigen der tyskarane gjorde sitt inntog på Smelvær (men det er ei anna historie). I 1944 gifta Gudrun seg med Harald Sætre. Eldste sonen deira fekk namnet Alf Konrad.

img036
Bryllupet til Harald Sætre og Gudrun Smelvær
img013
Solfrid
img018 - Copy
Frå venstre: Gudrun, Solfrid og Matilde. Den vesle guten er sonen til Solfrid Willy.

I dag er det sonen til Alf Konrad, han Henning som eig småbruket på Smelvær. Og har du ikkje sett: det har kome ein tredje Alf på Smelvær! Henning har gjort eigedommen om til ein fritidseigedom der både menneske og sauer stortrivst. Dørene på Smelvær er alltid opne, og det er alltid husrom til dei som vil overnatte (sjølv om eg måtte sove i eit telt bak naustet ein gong). Det er først og fremst til Henning eg har skrive denne forteljinga og leita fram historia. Smelvær-ulykka kjenner han til, men eg håpar at eg kan fortelje han noko nytt i tillegg!

img041
Gutane i lyse klede er sønene til Gudrun. Frå venstre: Birger, Alf Konrad og ein kompis frå byn.
Henning og sonen Alf Morten med storfangst!
Henning og sonen Alf Morten med storfangst!
Advertisements

6 tankar på “Smelvær – frå tragedie til ferieparadis

  1. Kor fantastisk flott at du har skrevet ned denne historia Annette. Har snakka om denne tragedien titt og ofte, og det er ein sånn viktig jobb du har gjort med å skrive ned for nye generasjonar å lese. Det burde vi bli flinkare til alle 🙂 helsing ein av naboane på Smelvær.

  2. Hei – dette var interessant lesning. Jeg har hørt om denne tragiske hendelsen, men har ikke fått med meg detaljene. Min bestemor, Maren Henriette Smelvær Follevaag (18.03.04 – 22.04.98) gift med kunstmaler David Follevaag (14.11.02 – 20.02.61) fortalte en gang om denne hendelsen, men jeg fikk dessverre aldri anledning til å få med meg utfyllende opplysninger, annet enn at dette tragiske skjedde da hennes onkel og søskenbarn var ute og skulle trekke hummerteiner.
    Med vennlig hilsen
    Tordis Stubseid Kristiansen
    Grashomringen 22C
    4077 Hundvåg
    Tlf.: 991 666 86

  3. Ved en tilfeldighet fant jeg denne historie. Har aldri hørt den før, men var kjente navn i stykke. Presten var vel Sigurd Haugen fra Stongfjorden. Husker jeg og min far var med Johannes Mjåset iland på Smelvær en sommer. Møtte feriebesøk der som var fra Bergen. Fant ut at vi var i slekt. Veldig bra at slike hendelser blir skrevet og formidlet til videre generasjoner.

    Tusen takk !

    Hilsen
    Gerd Stubseid Melkild
    Torsgate 3
    6600 Sunndalsøra
    Mobil 91106392

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s