Fruktdyrking i Gloppen og slavehandel i Nord-Afrika

Visste du at Gloppen har hatt ein prest som freista å redde nordmenn som hadde blitt tatt til fange av Nordafrikanske slavehandlarar? Og at han skreiv dagbok om det? Det visste ikkje eg!

012HTGG2
Eplesanking i godt vær. Bilete henta frå Digitalt Museum (cc-by-sa).
Captain_walter_croker_horror_stricken_at_algiers_1815
Britisk avisutklipp frå 1800-talet. Trykket viser britiske kapteinar som må sjå kristne slavar gå forbi i lenker. Bilete er henta frå Wikipedia.

Slutten av 2014 vart også slutten på jobben på Nordfjord Folkemuseum. Men det er ikkje grunn til å ligge på latsida av den grunn. Nytt år gav også ny arbeidsplass, så 5. januar starta ei ny tilvære på Fylkesarkivet i Leikanger. Den første månaden har vore fabelaktig og fjordhistorikaren får tidvis litt dånedimpen av fryd med tanke på kor nær eg får jobbe denne gullgruva av historiske kjelder (forstå det den som vil). Ny jobb betyr nye kollegaer, noko som kan få ein enkel lunsj til å virke avskrekkande. I eit forsøk på å virke opplyst, kasta eg meg derfor over det lokalhistoriske tidsskriftet Kjelda som Fylkesarkivet gir ut eit par gongar i året. Og trur du ikkje eg kom over ein gammal kjenning!!

 

Nytt møte med gammal kjenning

Eg veit ikkje om de hugsar soknepresten i Gloppen under hendingane rundt 1814? Han som hadde rabla etternamnet til han stakkars Eilef Eilefsson Rønnekleiv så hastig ned at det vart rom for mistolking av namnet.

 Soknepresten ser ut til å ha vore optimistisk når det kom til å få plass til alt på ei linje. Har vi ikkje alle vore der at så lenge alle bokstavane blir skrivne, er det ikkje så nøye at dei tre siste er plassert oppå kvarandre? I ei tid då papir var svært verdfullt vart nok etternamnet til han Eylef nedprioritert.

URN-NBN-no-a1450-db10051104040325

 

  Lidenskapeleg opptatt av eple

I samband med undersøkinga av fullmakta frå Vereide prestegjeld i 1814 hadde eg sett litt nærare på soknepresten Peder Pavels. Den eminente bygdeboka kunne fortelje at Peder Pavels var sokneprest i Gloppen 1801-1829. I tillegg til å vere prest, var han også utruleg interessert i fruktrær. Truleg var han den første i området som byrja nokon nemneverdig produksjon av frukt. Han var faktisk så lidenskapelig opptatt av frukttrea sine at han lærte bøndene i Gloppen og pode frukttre. Slik at dei kunne dyrke fram betre, saftige og smakfulle eple. Bøndene likte vist eple dei også for i dag er det lange tradisjonar for fruktdyrking i distriktet. Og alle som veit å setje pris på eit godt norsk eple i haustsola veit at eit eple i frå Nordstranda kan vere sjølve saligheita.   Malus_domestica_-_Köhler–s_Medizinal-Pflanzen-108   Om du syns historia til eplet er spanande anbefale eg denne historia frå Digitalt fortalt: Eple – ei god historie

Men livet til Peder Pavels hadde ikkje alltid sirkla rundt fruktdyrking og åndeleg oversyn over soknebarna i Gloppen. Før han kom hit var han nemlig skipsprest på den danske krigsflåten. Eine turen gjekk så langt som til Vestindia.  Dette nemner bygdeboka også. Det dei ikkje nemner er at Peder Pavels skreiv dagbok om eit tokt til Middelhavet med fregatten Thetis.

 

 

 

Norske sjømenn på Nordafrikanske slavemarked

9788202350130
Omslaget på boka. Absolutt lesbar!

I fjor sommar lånte eg ei lydbok på Gloppen Folkebibliotek. Det var 1001 natt av forfattaren Vetle Lid Larsen. Boka var overraskande, sjokkerande og ikkje minst svært interessant!Den følgjer to nordmenn som vert fanga av nordafrikanske piratar og havnar på slavemarkedet i Alger. Dei to mennene har forfattaren funne i ymse kjelder og klart og nøste opp livsløpet deira. Medan vi følgjer skjebnane til dei to uheldige nordmennene i Alger, får vi også eit innblikk i kor omfattande denne trusselen var for europeiske sjømenn og kor makteslause dei europiske stormaktene var ovanfor den mektige pasjaen i Nord-Afrika.   Om lag ein million europearar skal ha blitt tatt til fange og levd sine liv som slavar i Nord Afrika. Eit forferdelig liv med hardt arbeid, lite mat, sjukdommar, seksuelt misbruk og religionsnekting – og ikkje minst, lite håp om å nokon gong komme ut av slaveriet i live. Dette er skjebnar og historier eg har høyrt lite om og den store utstrekninga av den var overraskande.  Slaveri er så mykje meir enn den transatlantiske slavehandelen mellom Afrika, Amerika og Europa. I antikken fanst slavar i alle fargar frå alle verdshjørna. I mellomalderen kunne unge finske kvinner risikere å bli kidnappa frå sine heimar av folkeslag frå området rundt Svartehavet, og selde på slavemarkedet i Istanbul i det Ottomanske riket. Sett i eit historisk lys er slavehandel snarare normalen.

Men uansett kor vanleg slavehandelen var rundt om i verda, var det ikkje vanleg å halde slavar i kongedømet Danmark-Noreg på 1700-talet. Å ende opp i lenker i Nord Afrika må å vore ei traumatisk oppleving. Først og fremst for individa sjølv som endte opp i lenker, men også for dei danske styresmaktene som ikkje klarte å hindre det.

Lenker som vart nytta på slaver. Bilete er henta frå Wikipedia.
Lenker som vart nytta på slaver. Bilete er henta frå Wikipedia.

 

 Litt frå reisa til Middelhavet

Tilbake til Peder Pavels, den milde og godt omtykte presten som hadde den flottaste og mest grøderike hagen i Nordfjord. Kva var hans rolle i denne opprivande historia? Frå 1796-1797 var Peder Pavels orlogsprest på fregatten Thetis. Oppdraget hadde to føremål. Det første var å eskortere det årlege «presentskipet» til Agier, det andre var å tinge ei avtale med Pasjen av Tripoli. Avtalen skulle hindre privatverksemd og slavetaking. Fregatten Thetis var ikkje den første utsendinga frå Danmark, og det skulle heller ikkje bli den siste.  Forhandlingane med Pasjen i Tripoli brast og Thetis måtte sigle heim att, utan fredsavtale. Sjølv om det ikkje kom i stand nokon fredsavtale, fekk Peder Pavels likevel ein minnerik tur.

Han fekk blant anna sjå to norske skip som var kapra av muslimske piratar. Det var ein sorg for Pavels å sjå sine landsmenn i slik ein fortvila situasjon og ikkje kunne hjelpe.

 

At see tvende av vores Landsmænds Skibe slæbes her i klørerne paa denne rovgierrige Barbar, uden at kunde ile dem til Hielp, og at tenke sig de arme Fanger og ventelig mishandlede Matrosers Glæde saa snart de saa os, i hvem de havde ventet deres Befriere, og siden derer skuffede Haab.» (s.68)

 

Ein fregatt var eit mellomstort krigsskip. Det var ein rask og effektiv skipstype. Bilete henta frå Wikipedia.

Dagboka til Peder Pavels er tilgjengeleg for alle 

Peder Pavels tok heldigvis vare på dagboka han skreiv på reisa til Tripoli i Nord-Afrika. I dag er dagboka ein del av nasjonalbiblioteket sine samlingar. Nasjonalbiblioteket har dei siste åra gjort ein storstil jobb med å scanne og legge ut bøker på nettsida si. Blant mange tusen bøker har dei også scanna og lagt ut dagboka til Peder Pavels.

Link til boka finn du her:  http://www.nb.no/nbsok/nb/929123ed6ca7aa89aee02b54ddcea183?index=3#0

Dagboka er på omlag 130 sider og eg skal ærleg innrømme at eg ikkje har lese noko særleg i ho enda. Om nokon blir overmåte nyfiken på kva ho inneheld kan ein ta fatt på lesinga sjølv, eller så kan eg anbefale artikkelen; Grunnlovsjubielum 2014 – Reisande prestar, av Per Olav Bøyum. Den finn du i tredje utgåva av tidsskriftet Kjelda i 2014.

 

resolver
Utdrag frå dagboka.

 

 

Litteratur

Ms.8° 709 Peder Pavels: Reisejournal 1796-1797 som skipsprest på en Middelhavs-farer, fregatten Thetis.

 

Bøyum, Per Olav. Grunnlovsjubileum 2015 – Reisande prestart. I Kjelda 3. utgåve 2014.

 

Dash, Mike (2015, 15. Januar) Blonde cargoes Finnish children in the slave markets of medieval crimea (henta frå verdveven 02.02.2015) https://allkindsofhistory.wordpress.com/2015/01/15/blonde-cargoes-finnish-children-in-the-slave-markets-of-medieval-crimea/

 

Ed. Géza Dávid and Pál Fodor, 2007. Ransom Slavery along the Ottoman Borders.

 

Sandal, Per. Bygdesoga for Gloppen og Breim, band I-IV.

Steen, Tone. (2014, 25. februar). Slaveri. I Store norske leksikon. Hentet 1. februar 2015 fra https://snl.no/slaveri.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s