“Ulven var dei reddast for av alle dyr.”

Canis_lupus_laying
Bilete er henta frå Wikipedia.

Ein mørk måndags kveld i desember vart det observert ulv i Hyen. Det var gjerne ikkje heilt uventa men likevel uønskt. Same kvelden vart nettsidene til Fylkesmannen flittig vitja av målbevisste hyarar, ute etter lisens til ulvejakt. No er Hyen (og resten av Sogn og Fjordane) utanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv. Ein lisens til ulvejakt er dermed ein smal sak å få tak i. Dermed bar det ut i skogen med ny erverva lisens i baklomma allereie neste morgon. Sånn eg har forstått det, var det til lokalavisene si store begeistring. Ulven har i alle høve ikkje mangla publisering. Verken før eller etter at den vart skoten i Naustdal.

Den "nyaste" naustdalsulven har fått god spalteplass i lokalavisene.
Den «nyaste» naustdalsulven har fått god spalteplass i lokalavisene.

Under slike avisoverskrifter, kan ikkje fjordhistorikaren hjelpe for å undre seg over når det sist var ulv i Hyen? For det byrje vel å bli ei stund sidan?

Etter at det vart skoten ein bjørn i Fjærland (var det i 2008?), vart historia til bjørnen i fylket grundig forska på og godt formidla med vandreutstillinga “me har skote bjørnen”. Då den utstillinga stod på Nordfjord Folkemuseum reiste til og med bestefar på museet på eige initiativ! Det var eit spanande tema som interesserte mange.

Hyen kom også særs godt ut av den utstillinga når Anders Nilsson Holme (født 1799- daud ein gong etter 1837), vart løfta fram som ein av dei beste bjørnejegarane som hadde vore. Bygdeboka seier ingenting om at han skaut ulv. Så kor lenge er det sidan gråbein luska rundt hushjørna i Hyen?

Plakaten i frå utstillinga.
Plakaten i frå utstillinga.

 

Den uventa Naustdalsulven

© Fotograf Dagfinn Reiakvam. Bilete blir brukt etter avtale med dagens eigarar.
© Fotograf Dagfinn Reiakvam. Bilete blir brukt etter avtale med dagens eigarar.

Fredag 10. november, 1950 heldt syskenbarna Dagfinn og Henrik Berg på å grave ut ei hyttetomt i Vonamarka i Naustdalsdalen. I nysnøen såg dei spor etter eit rovdyr. Dagfinn og Henrik var tydelegvis menn med handlekraft. Dei var ikkje verre på det enn at dei treiv med seg børsa og strauk til fjells etter spora. Ved eit vatn fekk dei sjå dyret. Det freista å komme seg opp eit skar. Dei staute karane frå Naustdal var ikkje seine med å sende skot etter dyret, og etter eit par smell låg ulven daud. For dei to unge karane var nok ein god ulv, ein daud ulv. Men ulven hadde vore utrydda så lenge dei hadde levd. Den skulle rett og slett ikkje vere der! Det vart ikkje så reint liten mediadekning når historia om naustdalsulven kom ut. Sjølve ulven vart sendt til Bergen Museum (I dag: Universitetsmuseet i Bergen). Der vart den stoppa ut og er i dag ein verdifull del av samlingane. Så langt eg har klart å finne ut er Naustdalsulven den siste ulven som vart skoten i Sogn og Fjordane.

©Foto: Terje Lislevand, Universitetsmuseet i Bergen.
©Foto: Terje Lislevand, Universitetsmuseet i Bergen.

I fjella er det kort veg mellom Vonamarka i Naustdal og Gjengedalsmarka i Hyen. Det kan derfor godt tenkast at Naustdalsulven også hadde tatt turen innom Hyen før den vart skoten.

Men 60 år tilbake i tid er vel ingenting om ein vil sjå på historia om ulven i Hyen. Vi vil finne fram til noko spenstigare enn ein einsleg streifar. Skal vi finne fleire ulvar lyt vi reise endå lenger tilbake i tid.

 

“Ulven var dei reddast for av alle dyr.”

Sitatet ovanfor kjem frå ei framifrå folkeminnebok frå 1956. Forfattaren er Louise Storm Borchgrevink og boka heiter, «Frå ei anna tid, Folkeminne frå Nordfjord». Trass i eit namn som kan gje den ivrigaste lesevanskar, ligg det eit viktig og interessant arbeid bak boka. Om Hyen nemner forfattaren dette innleiingsvis:

“Dessutan skil eg ut Hyen, endå det eigentleg høyrer Gloppen til. Folket som bur inst i den tronge, ville Hyefjorden, er så isolert frå omverda at tradisjonsstoffet derifrå heilt naturleg fell i ei gruppe for seg”.[1]

På bakgrunn av denne skarpsindige observasjonen, får Hyen særs god dekning av forfattaren.  Om ulv i Hyen, kjem det fram at han ein gong har vore talrik i bygda.

“Før i tida var det så mykje ulv at folk kunne ikkje henge hesteselane ute um natta, gråbein kunne ete dei upp”.[2]

Sitatet vitnar om seletøy som var godt smurt inn med lærfett og ein stor ulvestamme som har problem med å halde seg med mat.

Wargjagt_i_Westergötland._Fritz_von_Dardel,_1847_-_Nordiska_Museet_-_NMA.0036477
Wargjagt i Westergötland. Fritz von Dardel, 1847 – Nordiska Museet – NMA.0036477.jpg

 

Borchgrevink intervjua først og fremst menneske fødd mellom 1865-og 1880. Intervjuobjekta nemner ikkje noko årstal om når ulvane var svoltne etter seletøy, men vi kan rekne med at det er før intervjuobjekta si eiga tid. Snakkar vi her om ein stor ulvestamme i første halvdel av 1800-talet? Her lyt vi undersøkje nærare.

 

I manns minne

Finn vi ulven att i manns minne? Det kan knipe på. Vi veit det er lenge sidan det var ein fast ulvebestand i Sogn og Fjordane. Heldigvis var det menneske med skrivekløe før i tida også. Ein av desse var Ola Jakobsen Mjellem (1882-1971). Han fortel om mykje frå gamalt av i Hyen. Ei heil skattekiste kan ein sei. Han skriv om minner frå barndommen og historier bestefaren har fortalt han. Ikkje minst snakkar han om den tida rovdyra var vanlege i fylket.

Ut i frå det Ola J. Mjellem fortel, verkar det ikkje som han hadde nokre opplevingar med ulv sjølv, men han opplevde fleire gongar at bjørnen tok dyr då han var gjetar.  Ein som hugsar ulven godt var bestefaren til han Ola. Han fortalte om ein kveld hunden han vore så uroleg at dei slapp han ut om kvelden. Kort tid etterpå hadde dei høyrt eit kvink. Det var det siste dei høyrde til hunden den kvelden. Morgonen etterpå fann dei nokre tjafsar med pels, litt blod og to sett med ulvespor som strauk til skogs.

10847799_10152805171460709_353085453036534161_n
På Nordfjord Folkemuseum er det fleire slike halsband til hund. Dei skulle verne hunden mot angrep frå ulven. © Foto: Annette Langedal Holme.

 

Ola fortel også ei historie som er ei herleg blanding av syndig gambling og den store stygge ulven. Det var tre gutar i frå tre forskjellige bruk i Eimjhella som var ute å gjette krøtera. Midt på dagen sette gutane seg ned for å spele kort. I dag kan nok ei runde med vennskapelig poker virke uskuldig nok, men vi må hugse på at dette var i ei tid då mange trudde ein hamna i helvetes brennande pøl av kortspel. Då dagen gjekk mot slutten var det på tide for dei tre gutane å samle inn krøtera. Det viste seg at ulven hadde vore på ferde og tatt tre kyr. Ei kyr i frå kvart bruk. Dette tok gutane som ei straff for kortspelinga og historia skal ha det til at dei aldri spelte kort igjen.[3]

 

Med tamrein følgjer gråbein like bak

Ola J. Mjellem fortel også om at ulven nesten var vekke i frå området på eit tidspunkt, men kom brått att. Årsaka skal vere innføringa av tamrein til Gjengedalsmarka. Opphavleg skulle eit samisk ektepar gjete denne flokken med villrein. Nokre lyse haud i bygda fann ut at det vart billegare med lokale gjetarar i staden for samane. Dei lokale gjetarane hadde ikkje greie på tamrein og etter kort tid hadde Gloppen fått seg ein flokk med villrein i staden! Det er noko som heiter å spare seg til fant. Ikkje fekk hyarane seg tamrein og hakk i hel kom ulven. Ola J. Mjellem skriv at ulven kom som lyn frå klår himmel.

Her skulle eg hatt eit bilete av dagens reinstamme i Gloppen. Men i mangel på  det laut eg ty til Wikipedia.
Her skulle eg hatt eit bilete av dagens reinstamme i Gloppen. Men i mangel på det laut eg ty til Wikipedia.

Det er fleire kjelder som er med på å støtte opp under Ola si forteljing. Først og fremst er det amtsmannsmeldingane for Nordre Bergenhus Amt som kom ut kvart femte år. (Før 1919 gjekk fylke under nemninga amt. Amtmannen er det same som fylkesmannen i dag.) I meldinga frå 1845 fortel amtmannen om fleire forsøk på å innføre tamrein til fylket. Mykje tyder på at det var lite ulv i fylket tidleg i 1840-åra.[4] Det råda optimisme rundt reinsdrifta, sjølv om ein viste godt at reinen stod øvst på menyen til ulven.

Amtsmannsmeldinga fram mot 1850 hadde ein litt annleis tone. No var vist ulven tilbake og den nøydde seg ikkje berre med reinsdyr til middag. Det gjekk ut over alt frå sau til hesten. Det er ikkje usannsynleg at det er i frå denne ulveperioden bestefaren til Ola. J. Mjellem hugsar. Ola hadde ein bestefar på Mjellem og ein i Eimhjella. Kven av dei som hugsar forteljingane om ulven er uvisst. Kanskje er det begge. Det vi veit er at problemet med ulv i Sør-Noreg var so pass stort at det kom ei eiga lov om utrydding av rovdyr i 1845:

Lov om Udryddelse av Rovdyr og om Fredning af andet Vildt, 4 Aug.1845, lød:

  • 1 I Premie for ethvert af efternævnte Rovdyrs Ødelæggelse betales: a) for Bjørn, Ulv, Gaupe, Jerv eller Filfras, uden hensyn til deres Alder, tre Speciedaler; b) for Ørn, (Land- eller Havørn) sexti Skilling og for Bjergugle (Hubro) fire og tyve Skilling. For Unger af disse Fugle det Samme; c) for Hønsehøg, forsaavidt den ei er fældet ved Skud, fire og tyve Skilling.

Skotpremie på ulv og andre rovdyr var ei ekstrainntekt som kom godt med. I frå 1840-åra vart det etter kvart vanleg med gevær med perkusjonslås. Det var bedre enn våpen dei hadde hatt tidlegare.  Mange gir denne lova med skotpremie skulda for at ulven vart utrydda i Sør-Noreg. I seinare tid har vi kome fram til at det var meir enn skyteglade søringar som førte til at ulven vart utrydda.

Mannen som la fram lovforslaget til utrydding av rovdyr, Halvor Heyerdahl Rasch (1805-1883), konkluderte med at ulven var så godt som utrydda i 1861. Han var også fast bestemt på at skotpremiane i seg sjølv ikkje var årsak nok til å utrydde ulvestammen. Han meinte at forklaringa måtte ligge i ein slags epidemi.[5]

Ein ivrig gjeng på Statistisk sentralbyrå har studert statistikken og nådd same konklusjon som herr Rasch:

“Det rokker ikke ved hovedmønstret i statistikken som tydelig viste at ulven ble utryddet i Sør-Norge allerede fra begynnelsen av 1860-åra, og at det sannsynligvis ikke var jaktloven, men en epidemi av et eller annet slag som tilintetgjorde stammen.[6]

fig-2000-10-18-01

Mykje kan derfor tyde på at ulven var på veg vekk i frå området etter 1860. Det stemmer med at Ola J. Mjellem ikkje har nokre personlege minner om ulv.

Så når hadde vi eit problem med ulv i Hyen sist? Vi lyg ikkje om vi seier om lag 150 år sidan.

(Om lag er for øvrig eit godt uttrykk å nytte når ein ikkje er heilt sikker!)

 

Takk for meg!

 

 

Litteratur:

Brattås. Kva skjeddemed ulvebestanden? Funne på verdsveven 03.12.2014. http://www.rovdyr.org/arkiv/ssb_ulv.html

Borchgrevink, (1956). Frå ei anna tid, Folkeminne frå Nordfjord. Oslo.

Det norske samlaget (1974) Sogn og Fjordane. I manns minne. Oslo

Johnsen, S. (1928): Rovdyr – og rovfuglstatistikken i Norge , Bergens Museums årbok 1929. Naturvidenskapelig rekke. Nr. 2.

Sandal, P. Soga om Gloppen og Breim, Band I-III.

Søbye, Judin og Rundtom. (2000) Tallenes fortellinger: Rovdyrstatistikk 1846-2004. Frå skuddpremier til fredning og irregulær avgang. Funne på verdsveven 03.12.2014. http://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/artikler-og-publikasjoner/fra-skuddpremier-til-fredning-og-irregulaer-avgang

http://www.sffarkiv.no/fjognedok/kjelda/PDFA/kjelda_1998_1.pdf#page=28

Fotnotar:

[1] Borchgrevink, 1956 s. 6.

[2] Borchgrevink, 1956 s. 146.

[3]

[4] http://www.sffarkiv.no/fjognedok/kjelda/PDFA/kjelda_1998_1.pdf#page=28

[5] Søbye, Judin og Rundtom. (2000)

[6] Søbye, Judin og Rundtom. (2000)

Advertisements

2 tankar på ““Ulven var dei reddast for av alle dyr.”

  1. Mykje interessant stoff! 🙂 Kom på at pappa hadde ei ulvehistorie for nokre år sidan… Om nokre som skulle over isen med ein stor kjele (?), og så kom der ein ulveflokk etter, så dei måtte gøyme seg under kjelen for å ikkje bli tekne. Veit ikkje kor mykje lit ein kan geste til denne historia, men spennande var ho! 🙂

    1. Ja den har eg også høyrt! Det skal vere Byrkjenes-mannen som mesterlig klarte å lure ulveflokken på den måten. Forfattaren Knut Gjengedal har skrive ei historie ut i frå sagnet i ei av bøkene sine. Om historia rundt Byrkjenes-mannen er sann er heller lite truleg, sidan liknande historier fins over heile landet:)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s