«Bygdens fræmste mænd» – men kvar er hyarane?

 

Eg var på temakveld på Nordfjord Folkemuseum, der historikar, Anders Timberlid prata om folkeleg engasjement i Nordfjord rundt 1814. Undervegs la han fram eit dokument, ei fullmakt, skriven under av Gloppens  tolv fremste menn. Eg retta meg opp i stolen og las forventningsfullt gjennom namna. Av tolv namn var det representantar frå både Breim og Gloppen, ja til og med frå Hennebygda. Men ingen frå Hyen. Var ikkje hyarane blant Gloppens fremste menn?!? Her var det noko som ikkje stemte.

bilde (27)
Hyen ein tidleg vårdag. Foto Annette Langedal Holme

Når hyarane manglar i kjeldene frå Noregs første demokratiske val, er det naudsynt å sjå nærare på saka. Det opnar seg raskt fleire moglege forklaringar. Kan det vere at hyarane rett og slett ikkje møtte i kyrkja på denne ekstraordinære bededagen? Var det uvær så dei ikkje kom fram? Eller var det rett og slett ingen hyarar som vart rekna blant bygdas beste menn? Det siste forslaget er sjølvsagt utenkjeleg for ein som er busett i Hyen, men det lyt vere med for ordens skuld.

Her er det mange moglegheiter som må vurderast, men først lyt vi sjå litt nærare på dette dokumentet som er utgangspunktet for undringa vår. Bakgrunnen for at det vart skreve under ei fullmakt i Vereide kyrkje, 18. mars 1814, var lausrivinga frå Danmark. Napoleonskrigen var over og taparane måtte betale. Blant dei uheldige var kongedømet Danmark-Noreg. Den danske kongen måtte gi Noreg i krigsgåve til Sverige. Den danske arveprinsen, Christian Fredrik sat i Noreg og her var gode råd dyre. Løysinga var å la seg utrope til norsk konge. Christian Fredrik meinte sjølv han passa best som ein eineveldig konge. Eineveldige kongar slepp å bry seg om kva andre måtte meine og har rimelig effektiv gjennomslagskraft for nye innfall og idear. Heldigvis var det opp til fleire i Noreg som meinte at eit eineveldig kongedøme var ein skikkeleg dårleg idé. Det vart bestemt att Christian Fredrik måtte veljast til å bli norsk konge av ei grunnlovsgivande forsamling.

Christian_Frederik_J._L._Lund
Maleri av J.L. Lund ,1813. (http://no.wikipedia.org/wiki/Christian_Frederik)

Den 19. februar 1814 vart det sendt ut kunngjeringar til alle prestegjeld i landet. I kunngjeringa stod det at alle nordmenn skulle sverge eid til Noregs sjølvstende og korleis vala til ein grunnlovsgivamde forsamling skulle gjennomførast.

I Gloppen vart denne kunngjeringa lesen opp i Vereide kyrkje den 18. mars. Soknepresten Peder Pavels hadde fått beskjed om å halde ein kraftfull tale som skulle fortelje at det norske folk var løyst frå sin truskapseid til den danske kongen. Deretter skulle presten spørje forsamlinga:

«Sverger dere å hevde Norges selvstendighet og å våge liv og blod for det elskede Fedreland?»

Forsamlinga skulle svare ved å løfte to fingrar og sei høgt:

«Det sverger vi, så sant hjelpe oss Gud og hans hellige ord.»

20141020140136886_0002
Gamalt måleri av Vereide kyrkje før den vart bygd om i 1879. Målar er C. Uchermann.

Som sagt så gjort! Det vart valt to menn frå forsamlinga i Vereide kyrkje. Dei skulle reise til Vik og møte dei andre valmennene frå resten av Nordre Bregenhus Amt. Der skulle dei velje tre representantar til som skulle reise til Eidsvoll. Resten av den historia kan vi ganske godt.

Vi hoppar tilbake til Vereide kyrkje 18. mars. Jetmund Larson Rygg og Steffen Thorsen Bjørkelo vart valt til valmenn. Med seg til møtet i Vik skulle dei ha ei fullmakt. Den skulle fungere som dokumentasjon på at sjølvstende-eiden var gjennomført.

Gloppen si fullmakt ser slik ut:

URN-NBN-no-a1450-db10051104040325
http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39776/323/

 

For dei som ikkje elskar å tyde snirkle-skrift, kjem fullmakta transkribert her:

 

resolver
A. Olafsen og Birch-Reichenwald (1914) Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Kristiania.

 

Samanlikna med andre fullmakter frå fylket, var presten Peder Pavels ein rimelig kort og konsis skribent. Ikkje noko behov for nasegrus smisking her nei! Han skriv kva som vart gjort og kven som vart valt. Han signerer også for dei elleve andre som sette namnet sitt på fullmakta (men det er ein annan sak).

Lat oss no sjå nærare på Gloppens beste menn, slik kan vi danne oss ei forståing av kven som vart valgt.

Namn Født Bustad
Peder Pavels 1769 Prestegarden
Abraham Jonssen Henden 1765 Yttre Henden
Rasmus Hansen Lothe 1753 Lothe
Eylef Eylefsen Bonklef ? ?
Peder Olsen Mardal(Peder Olsen Gimmestad) 1778 Mardal
Christen Johanssen Østrem 1762 Østrem
Abraham Jetmundsen Houge 1750 Houge
Knud Thorsen Fløttre 1764 Fløttre
Peder Reinholds Eyde 1750 Eide
Marius (Marcus) Olsen Tystad 1757 Tystad
Lar Olsen Kandal 1762 Kandal
Jens Jespersen Egge 1764 Egge
Absalon Jonsen Stensager 1759 Stensager

Dei fleste av dei tolv mennene fann eg enkelt ved å søkje på folketeljingane for 1801. Ein som var litt vanskeleg å finne var den yngste av representantane, Peder Olsen Mardal. Men få kan gøyme seg vekk i bygdeboka for Gloppen og Breim, så eg fann han til slutt!

Av dei tolv namna var det eit namn det ikkje var råd å finne noko om. For det første var det her ført opp eit etternamn eg ikkje har høyrt om her i Gloppen før. Kven var denne Eylef Eylefsen Boklef? Når litteraturen og digitalarkivet sviktar er det ikkje anna å gjere enn å gå tilbake til kjeldene. Her, fullmakta frå Vereide kyrkje.

URN-NBN-no-a1450-db10051104040325
Utklipp frå fullmakt. http://arkivverket.no/URN:db_read/db/39776/323/

Signaturen til Eylef Eylefsen Boklef står øvst til høgre på biletet. Ved nærare ettersyn kan ein lure på om det verkeleg står Boklef?! Soknepresten ser ut til å ha vore optimistisk når det kom til å få plass til alt på ei linje. Har vi ikkje alle vore der at så lenge alle bokstavane blir skrivne, er det ikkje så nøye at dei tre siste er plassert oppå kvarandre? I ei tid då papir var svært verdfullt vart nok etternamnet til han Eylef nedprioritert.

Etter litt grundig glaning på etternamnet til Eylef kom eg fram til at det heller står Rønklef enn Boklef. Eit raskt søk på folketeljingane for 1801 viser at det berre fanst to Eilef Eilefsen i Gloppen. Dei var far og son og hald på hatten; dei var frå Rønnekleiv i Hyen!! Oppitunet for å vere heilt nøyaktig.

Rønnekleiv i dag. Foto Annette Langedal Holme
Rønnekleiv i dag. Foto Annette Langedal Holme

Vi kan trekke pusten! Hyarane var med på Noregs første demokratiske val. Det kunne ha opna for alvorlege spekulasjonar om ikkje ein representant frå ein så stor del av prestegjeldet ikkje var med blant bygdas fremste menn. Men hyaren var med heile tida. Han forsvann berre litt bak ein trang signatur og rask transkribering.

Men så heilt til slutt: Var det far eller son som stod fram i Vereide kyrkje den 18. mars, 1814?

Far, Eylef/Eilef/Eilev Eylefsen Rønnekleiv (kjært barn har mange namn) f. 1765.

Son, Eylef/Eilef/Eilev Eylefsen Rønnekleiv, f 1788.

I alder og i kraft av å vere eldstemann er det vel knapt opent for diskusjon om kven som er representert her. Litt interessant er det likevel at sonen Eilef, vart kalla ut i krigen i 1814, i følgje bygdeboka. Det må vere den korte krigen mot svenskane i 1814, då Noreg forsøkte å forsvare den sjølvstenda dei hadde fått seg gjennom grunnlova. Den same grunnlova far Eilef var med på å mogleggjere ved å skrive under på fullmakta for Vereide Prestegjeld!

Grunnlovsfeiring i Hyen 2014. Foto: Annette Langedal Holme
Grunnlovsfeiring i Hyen 2014. Foto: Annette Langedal Holme

Kjelder og litteratur:

Folketelling 1801 for 1445P Gloppen prestegjeld.

Statsrådssekretariatet, Bilag til forhandlingsprotokoller, journalsaker, fullmakter til Eidsvollsrepresentantene m.m., stykke 8 (RA/S-1001/D/Db/L0008), 1814-1814, oppb: Riksarkivet.

A. Olafsen og Birch-Reichenwald (1914) Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Kristiania.

Sandal, P (1988) Soga om Gloppen og Breim, band II – V. Sandane.

Peder Pavels på Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Lokalisert 18.10.2014. http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Peder_Pavels

1814 temakveld med Anders Timeberlid på Nordfjord Folkemuseum  15.10.2014.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s