Barkebrød steg for steg

Då er vi endelig klare med barkebrøda! Sanninga er at barkebrøda har vore ferdige i snart ein månad, men livet vart hektisk og barkebrød på blogg vart nedprioritert. Men eg har fått levert ferdig ein artikkel til Årbok for Nordfjord. Så no kryssar eg fingrar og tær for at den blir med i år!

Framgangsmåten har vore prøving og feiling. Men det vart no barkebrød til slutt. Eg vil vise framgangsmåten gjennom bileta eg tok underveis. Det er i hovudsak tre ledd i arbeidsprosessen: Innsanking med tørking, kverning av borken og sjølve bakinga av barkebrødet.

 

Innsanking og tørking av almebork:

Bilde1
Bestefar og hagesaksa!

 

Alm var beste tresorten til å lage borkebrød av. Eg har allereie lagt ut eit innlegg som fortel at det ikkje var mangel på alm i bygda. Vi fekk lov til å ta bork i frå nokre almetre i Hope etter avtale med grunneigar. Han veit sjølv kven han er, og smaksprøver er på veg!

Vi tok ikkje bork frå sjølve treet. Eit almetre var ei forsikring mot svolt og måtte vernast. Vi tok renningane som stakk opp med rota på det staselige almetreet. Renningane som var 2-3 centimeter i diameter, var dei beste.

Då vi hadde tilstrekkelig med kvistar måtte vi flekke av borken. Denne arbeidsprosessen gjorde vi i mai månad. Då var treet full i sevje, så arbeidet gjekk greit.

Bilde2
Ved hjelp av ein kniv gjekk arbeidet lett.

Dei brukte ikkje heile borken. Ytterste delen (sjølve borken kan du sei). Den var bitter på smak og uønska i barkebrødet. Det var den lyse innerborken dei laga brød av.

Etter at borken var delt måtte den tørkast. Vi sette den ut i sola i luftige korger og ellers stod det inne i stova (viktig å ha noko å snuble i).

Etter at borken hadde tørka i vel to månadar, klipte vi den opp i små bitar. Omlag 1×1 cm. Det var vel kjedligaste delen av heile prosjektet. Heldigvis er bestemor ivrig på å halde menneska rundt seg i aktivitet, så arbeidet vart gjennomført!

Etter klippinga var det endelig klart for å svinge kverna. Vi var litt spent på korleis det skulle gå!

 

Å kverne almebork:

 Det går fint å løyse svetten når ein slit over handkverna. Det gjekk ikkje så lett som vi hadde tenkt. Første gongen vi kverna borken gjennom, synte det knapt at vi hadde lagt vekta på kvernsteinane og virkelig tatt i. Her var det berre å kaste skjorta og ta til på jobben.  Borken måtte sendast gjennom kverna vel fire gongar før vi sa oss nøgde.

Bilde3
Kverna har Norsk kvernsteinsenter i Hyllestad laga og den er utlånt av Nordfjord Folkemuseum.

Om ein kverna for raskt vart ikkje borken kverna. Ein måtte halde eit relativt sakte tempo for å få best resultat. Det var sjølvsagt det tyngste tempoet!

IMG_7672
Fleire i slekta måtte ta del i grovarbeidet. Her er bestefar og Julie godt i gang.

 

IMG_7658
Bestemor tok det som ei treningsøkt!

 

IMG_7668
Noko finmalt og noko som treng ei runde til i kverna.

 

Bilde4
Det endelige resultatet.

 

Etter at vi hadde kverna borken vel fire gonger vart resultatet som de ser på biletet over. Ikkje heilt mjøl, men heller ikkje heilt bork! I etterkant kom vi fram til at borken med fordel kunne ha vore litt tørrare om det hadde vore mogleg. Kanskje ein kan tørke borken på varmluft i steikeomnen?

Då vi var ferdige med å kverne hadde vi omlag 600  gram med borkemjøl. Vi var klare for siste del i prosjektet. Steike borkebrød.

 

 

På bakstehella: 

Før vi tar til på denna delen av prosjektet må det understrekast at ingen av oss som er med, har fortid som bakstekoner. Reint estetisk lyt ein derfor ta resultatet med ei klype salt.

Borkemjøl vart laga for å blande i det vanlege mjølet, så det varte lenger. Det var vanleg å blande to delar vanleg mjøl og ein del borkemjøl.

Bilde5
Klar til innsats!

Her er oppskrifta vi nytta:

300 gram borkemjøl av alm.

600 gram byggmjøl.

1 teskei salt.

7-8 dl vatn. (Byrja med 7 dl og måtte auke til 8)

Vi rørte saman og knødde deiga i vel ein halv time. Då fekk deiga stå ei stund før vi knødde ho litt til. Dette gjorde vi for å få deiga så seig som mogleg. Vi fekk ikkje deiga like seig som ein vanleg flatbrøddeig. Likevel var den god å kjevle ut. Vi laga små emne og leivane vart på mellom 25 og 30 cm i diameter.

IMG_7978
Legg merke til at vi har funne fram det finaste skautet for anledninga!

 

IMG_8002
Passe store leivar som gjekk greit å handtere.

 

Bilde6
Ferdig produkt!

 

Om du er nysgjerrig på smaksopplevinga av vårt eminente borkebrød, lyt du vente til neste innlegg. Vi har nemlig tenkt å invitere på gjestebod, der blant anna eigaren av almen skal få komme. Vi får håpe han vert nøgd med borken sin.

Om du er interessert i meir informasjon rundt barkebrødet og framgangsmåten, vil det komme i Årbok for Nordfjord 2014, som kjem i desember.

Advertisements

2 tankar på “Barkebrød steg for steg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s