Livet med Larkins

No i ferietider vart barkebrødet lagt litt på hylla. I staden kan vi ta føre oss nokon andre eg håper skal få stor plass på bloggen. Villsauen på Smelvær! Smelvær er ei øygruppe ute i havgapet der slekta har ferie/arbeidskoloni. Store deler av familien er akademikere og bytauser. Då er det heilt sjølvsagt at vi byrjar med villsau! Det går for det meste strykande med ein og annan forvikling! Litt som livet med Larkins for dei som hugsar det. Sauene lever i alle fall livets glade dager i frisk havbris og godt beite. I løpet av dei to åra sauene har beita her, har landskapet forandra seg veldig. Der det før var ulendt og fullt av tuer, er det no beita ned. Mykje kjekkare å gå på tur no!

Skeptisk villsau frå påska 2014. Privat foto.
Skeptisk villsau frå påska 2014. Privat foto.

Smelværsauen viste seg å vere strålande julemiddag. Etter kvart håpar vi å gjøre meir ut av heile sauen. Både med ull, skinn og kjøtt. Det er mange moglegheiter med foredling av kjøt, plantefarging av ull, osv. Berre kom med forslag til prosjekt. Hobbybønder er jo truande til å prøve seg på det meste!

 

Villsau i solnedgang. Privat foto.
Villsau i solnedgang. Privat foto.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s